Sothegre

fugleart
Sothegre
Bilete frå Karratha i Pilbara i Vest-Australia. Foto: Jim Bendon
Bilete frå Karratha i Pilbara i Vest-Australia.
Foto: Jim Bendon
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av sothegre
Utbreiinga av sothegre
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Hegrefamilien Ardeidae
Slekt: Egretta
Art: Sothegre E. sacra
Vitskapleg namn
Egretta sacra

Sothegre (Egretta sacra) er ein vassfugl og ein mellomstor hegre som finst i mange kystnære område av Asia, frå Bangladesh gjennom Søraust-Asia og til Japan, dei lever òg i delar av Polynesia aust til Marquesasøyene, i Australia og på New Zealand.

Ei sothegre av kvar morf.
Foto: Glen Fergus

Arten viser ein uvanleg dimorfisme som ikkje er kjønnsbasert. Nokre medlemmer har heilt kvit fjørdrakt, medan dei fleste blir koksgråe. Den kvite morfen er vanleg på polynesiske øyar.[1] Bakgrunnen for fargevariasjonen eller morfen er ukjend, men det er mest tenkt å vere relatert til kamuflasje. Sothegrar er 57-66 centimeter i lengd, dei har eit vengespenn på mellom 90 og 110 centimeter og når ei gjennomsnittleg vekt på 400 gram. Til hegrar å vere har dei korte bein som er gule. Nebbet kan vere gråleg til gult,[1] auga gullgule i farga.

Sothegrar beitar helst i tidvassona, og føda er hovudsakleg marine dyr og sett saman av variantar av fisk inkludert ålar og flyndrer, krepsdyr og blautdyr.

Dei bygg reir i koloniar i mangrovar eller i holrom eller under overheng av fjell, reira er av trepinnar, tang og anna gjort tilgjengeleg av tidevatn. Kullet er på to til tre lyse, grønblåe egg. Kjønna deler på rugeoppgåva gjennom ca. 25-28 dagar. Etter klekking gjev foreldre omsut i ca. 5 veker. På New Zealand er hekketida om våren. Verdspolulasjonen er trudd å vere mellom 100 000 og ein million i storleik (2006).[2] Den eldste kjente sothegren i Australia blei 14 år gamal.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson, 2005
  2. BirdLife International, (2013)

Bakgrunnsstoff endre