Eibyelva
Eibyelva er ei 17 km lang sideelv til Altaelva i Finnmark fylke, og er ein del av Alta-Kautokeino-vassdraget. Elva startar øvst i Eibydalen i Alta kommune der Trangdalselva og Vesterelva renn saman. Elva renn igjennom Eibydalen, forbi Eiby og munnar ut om lag 14 km opp i Altaelva. Nedslagsfeltet til elva er frå grensa til Troms fylke og inn mot grensa til Finland.
Eibyelva | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Nedslagsfelt | 940 km² | ||
Renn gjennom | Alta og Kautokeino | ||
Sideelvar | Garajohka | ||
Lengd | 17 km | ||
Middelvassføring | 11 m³/s | ||
Kjelde | Vesterelva og Trangdalselva | ||
• høgd | 93 moh. | ||
Munning | Altaelva | ||
Fiske
endreElva er stort sett ei sjørøyeelv, men det går òg laks og aure opp i elva. Eiby jeger- og fiskeforening driv kortsalet og oppsynet med elva. Kort kan ein kjøpe i sportsforetningar i Alta og på nokre campingplassar.