Eigg (skotsk-gælisk Eige) er ei øy i dei skotske Hebridane. Eigg ligg sør før øya Skye og nord for halvøya Ardnamurchan. Øya er ni kilometer frå nord til sør og fem kilometer frå aust til vest. Øya er del av øygruppa Small Isles i dei Indre Hebridane og er med sine 30,49 km² den nest største øya i denne øygruppa, etter Rùm.

Eigg
Lokalt namn Eige
Utsikt mot Eigg frå ferja til Mallaigh.
Utsikt mot Eigg frå ferja til Mallaigh.
Geografi
Eigg is located in
Eigg ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°29′N 5°35′W / 56.49°N 5.58°W / 56.49; -5.58
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 30,49 km²
Lengd 9 km
Breidd 5 km

Høgaste punkt An Sgurr (393 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Highland

Demografi
Folketal 67 (2001)

Den største busetnaden på Eigg er Cleadale på nordsida av øya. Ho er kjent for kvartsstranda si, som vert kalla «den syngande stranda» på grunn av lyden som kjem når ein går på ho. Det går ferjer frå Galmisdale på sørsida av øya til Canna, Rùm og Muck og til Mallaig på fastlandet.

Midten av øya består av eit platå med ei myr, som ligg på nesten 400 moh. Denne er rik på lundefugl.

Kjelder endre