Mallaig
Mallaig (skotsk-gælisk Malaig) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 800 innbyggjarar.
Mallaig | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Malaig | |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Highland | |
Tradisjonelt grevskap | Inverness | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
797 | |
Koordinatar | 57°0′N 5°50′W / 57.000°N 5.833°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PH41 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1687 | |
Mallaig ligg på vestkysten av Skottland, like nord for Arisaig og sør for Loch Nevis. Byen er eit viktig trafikk-knutepunkt. Han er endestasjon for greina av jernbanelinja West Highland Line som går vestover frå Fort William, og ei viktig ferjehamn. Det går ferjer frå Mallaig til Armadale på Isle of Sky, Inverie i Knoydart og til Small Isles-øyane Rùm, Eigg, Muck og Canna. Mallaig er òg ei viktig fiskerihamn.
Mallaig var òg ein av opptaksstadene for Lars von Triar-filmen Breaking the Waves frå 1996, og filmen Local Hero frå 1983.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mallaig» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2011.