Eilabun (arabisk عيلبون, Ailabun, hebraisk עַילַבּוּן, עֵילַבּוּן) er ein israelsk-arabisk lokal kommune i Israel, som høyrer til Nord distrikt i Beit Netofa-dalen. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå, Eilabun hadde eit folketal på 4 400 innbyggjarar i 2005.[1] Folkesetnaden er hovudsakleg kristne. I 1973 fekk Eilabun lokal kommunestatus av dei israelske styresmaktene.[2]

Eilabun
עַילַבּוּן, עֵילַבּוּן, عيلبون, Illabun, Eilaboun, Ailabun
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°50′18.24″N 35°24′2.74″E / 32.8384000°N 35.4007611°E / 32.8384000; 35.4007611
Areal 4,84 km²
Folketal 4 400  (2005)
Folketettleik 909 / km²
Grunnlagd 1800-talet
 - Bystatus 1973
Kart
Eilabun
32°50′18″N 35°24′03″E / 32.8384°N 35.400761111111°E / 32.8384; 35.400761111111
Wikimedia Commons: Eilabun

Oversyn endre

Eilabun er ein liten by i Galilea, 15 km sørvest for Safad nord i Israel, og har ein kristen majoritet, med ein muslimsk arabisk minoritet.

Etymologi endre

I følgje Survey of Western Palestina kjem namnet Eilabun frå arabisk, og tyder «hard, steinte grunn.»[3] Ein israelsk teori er at staden vart bygd på den gamle staden «Ailabu» (hebraisk עַיְלַבּוּ), ein mogeleg variant av namnet Ein Levon.[4]

Historie endre

Det er funne sarkofagar skorne ut i stein, vest for landsbyen.[5]

Osmansk tid endre

I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 var han oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya («underdistrikt») i Safad liwa («distrikt») med eit folketal på 13 muslimske hushaldningar.[6]

I 1875 fann den franske oppdagaren Victor Guérin at landsbyen hadde eit folketal på kring 100 greske kristne, med eit «audmjukt» kapell. Han noterte ei glimrande vasskjelde og ruinar (mellom anna søyler) av gamle bygningar.[7] I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som «ein steinlandsby, godt bygd, med kring 100 kristne arabarar. Han ligg på ein kam, omgjeve av krattskog med dyrkbar mark i dalen. Ei god kjelde ligg vest for landsbyen.»[8]

Britisk styre endre

I folketeljinga i 1931 hadde 'Ailabun 85 busette hus og eit folketal på 404, 32 muslimar og 372 kristne.[9]

I 1945 bestod landsbyen av 530 kristne og 20 muslimar,[10] som eigde i alt 11 190 dekar land, medan 3 522 dekar land var offentleg.[11] Av dette var 1 209 dekar for plantasjar og irrigert land, 2 187 for korn,[12] medan 18 dekar vart utbygd land.[13]

Staten Israel endre

Golanbrigaden frå Israel erobra Eilabun den 30. oktober 1948 — under den arabisk-israelske krigen i 1948, frå Den arabiske frigjeringshæren (ALA). Etter byen overgav seg, forhandla av fire prestar, utpeikte kommandanten av Golani-soldatane 14 unge arbarar og fekk dei avretta, i det som vart kjend som Eilabun-massakren. Landsbyen vart så plyndra.[14] Dei fleste innbyggjarane vart marjserte ut til den libanesisk grensa, medan hundrevis flykta til nærliggande kløfter, grotter og landsbyar.[15][16] Som ein del av ei semje mellom erkebiskop Hakim og leiaren for «den arabiske seksjonen» i Det israelske utanriksdepartementet, fekk innbyggjarar frå Eliabun i eksil i Libanon løyve til å vende attende sommaren 1949.[15] Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Den 25. april 2008 vart seks personar skadd, to av dei med alvorlege skadar, i ein slosskamp mellom drusarar og kristne nær Eilabun.[17] Den sekteriske konflikten var ein del av ein lanvarig strid mellom samfunna, som byrja i 2004 i byen Shefa-'Amr. I april 2008 byrja kampen av ukjende årsaker då drusarar marjerte mot gravstaden til Jetro, svigerfaren til Moses, på hovudvegen nær landsbyen Eilabun.[17] Deltakarar i marsjen kjempa mot innbyggjarar i landsbyen med skytevåpen og steinar.[17] Dei eldre frå drusarsamfunnet som var til stades klarte å roe gemyttane.[17] Konflikten enda etter ein offisiell forsoning mellom drusarane og dei kristne i 2009.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Localities with populations over 1 000 Israelsk statistisk sentralbyrå
  2. Eilabun (Israel) Dov Gutterman, FOTW
  3. Palmer, 1881, s. 121
  4. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 739. ISBN 965-448-413-7. 
  5. Conder and Kitchener, 1881, s. 381
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 189.
  7. Guérin, 1880, s. 359-360
  8. Conder and Kitchener, 1881, s. 364.
  9. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestina. s. 82. 
  10. Government of Palestina, Village Statistics 1945.
  11. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s.72
  12. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 122
  13. Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 172
  14. Morris, 2004, s.479-480
  15. 15,0 15,1 Morris, 2004, s. 480
  16. Benvenisti, 2000, p 153-154
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 «Druze, Christian clash near Galilee village - Israel News, Ynetnews». Ynetnews.com. 20. juni 1995. Henta 29. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre