Eilean nan Ròn (skotsk-gælisk for 'seløya') er ei øy nær Tongue nord i Sutherland i Skottland. Øya har fått namn etter gråselane som årleg føder hundretals selungar her. Ho er i dag folketom.

Eilean nan Ròn
Geografi
Eilean nan Ròn is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°33′N 4°20′W / 58.55°N 4.34°W / 58.55; -4.34

Areal 1,38 km²

Høgaste punkt Cnoc an Loisgein (76 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Highland

Demografi
Folketal 0

Båt ved Port na h-Uaille på Eilean nan Ròn.

Historie endre

Eilean nan Ròn blei folkesett av leiglendingar som var blitt drivne frå heimane sine under Highland clearances. I 1881 budde det 73 menneske her. Innbyggjarane forlèt øya i løpet av 1930-talet, dei siste tolv i desember 1938.[1] Ein kan sjå ruinar av busetnadane på midten av øya, mellom Mol na Coinnle og Mol Mòr.[2]

Geografi og geologi endre

Øya er ikkje teknisk sett ein del av Hebridane, sidan ho ligg for langt mot nord. Øya består hovudsakleg av sandstein med bratte klipper i nord og aust, og ein naturleg boge ved Leathad Ballach, som er 50 meter høg og 22 meter brei.[2] Dei høgaste punkta er Cnoc an Loisgein på 76 meter over havet og Cnoc na Caillich på 75 meter over havet.

Det ligg fleire holmar og småøyar utanfor Eilean nan Ròn. Av desse finn ein tidvassøya Eilean Iosal og bortanfor den, Meall Thailm. I sørvest ligg An Innis. Rabbit Islands ligg i Tongue Bay i sørvest.

Dyreliv endre

Som namnet viser til, held gråsel til på Eilean nan Ròn. Det kjem hundrevis av sel her om hausten for å føde.[3] Om lag 350 selungar vert fødde kvart år.[2] Det finst òg mykje sjøfugl på øya.

Kjelder endre


Fotnotar