Opna hovudmenyen

Ein Gedi (hebraisk skrift עֵין גֶּדִי, tyder Geitekjekjelda) er ein kibbutz på vestsida av Daudehavet i Israel. Han ligg langs utkanten av Judeaørkenen ved den historiske staden Ein Gedi, og er kommunesenter i Tamar regionale kommune. I 2011 hadde kibbutzen 213 medlemmar.[1]

Ein Gedi
landsby
Ein Gedi Botanical Gardens058.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Judea
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°27′30.96″N 35°23′19.68″E
Grunnlagd 1953
 - Grunnlagd av sionistiske ungdomsrørsler, Nahal
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ein Gedi (kibbutz)

Ein Gedi driv hovudsakleg med jordbruk og turisme. Kibbutzen driv òg ein 100 mål stor botanisk hage som husar over 900 planteartar frå heile verda.

HistorieEndra

 
Botanisk hage langs kysten av Daudehavet.

Kibbutzen vart grunnlagd i 1953 av avgangselevar frå sionistiske ungdomsrørsler og medlemmar av Nahal.[2] Han ligg på Den grøne linja som skilde Israel frå det Jordan-heldte Vestbreidda, og låg fullstendig isolert i ørkenen. Den nærmaste israelske landsbyen var fleire timar unna langs ein grusveg. Etter seksdagarskrigen i 1967 og Israel erobra Vestbreidda frå Jordan, vart det asfaltert ein veg frå Jerusalem via Jeriko og langs kysten av Daudehavet. Dette enda i røynda isolasjonen til kibbutzen og opna døra for utviklinga ein har i dag. I dag bur det 650 innbyggjarar i Ein Gedi.

KjelderEndra

  1. Ein Gedi gets a new lease on life
  2. Ein Gedi, A streamlined approach

BakgrunnsstoffEndra