Einar Hovdhaugen

norsk politikar

Einar Hovdhaugen (26. februar 19081. juli 1996) var ein norsk bonde, politikar, kulturhistorikar og målmann frå Venabygd i Ringebu. Han representerte Bondepartiet/SenterpartietStortinget frå 1958 til 1969, og skreiv fleire bøker om kulturhistorie. Han var far til språkforskaren Even Hovdhaugen.

Einar Hovdhaugen
Fødd26. februar 1908
Død1. juli 1996 (88 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet, Bondepartiet
Yrkepolitikar
BarnEven Hovdhaugen
Alle verv

Liv og gjerning endre

Hovdhaugen gjekk Gudbrandsdal fylkesskule og arbeidde på gard og tidvis som lærar i folkeskulen. I 1927 tok han over slektsgarden i Venabygd og dreiv denne, etter 2. verdskrigen var han også medarbeidar i avisa Gudbrandsdølen.

Frå 1946 til -49 var Hovdhaugen generalsekretær i Bondepartiet. Han var medlem av Ringebu kommunestyre i 1945-47 og 1951-55. Elles hadde han verv i mellom anna skulestyre, forliksråd og styret for Noregs Bank si avdeling på Lillehammer.

Hovdhaugen møtte enkelte gongar på Stortinget i perioden 1954-57, som andre vararepresentant for Bondepartiet i Oppland. Ved stortingsvalet hausten 1957 vart han vald direkte inn på Stortinget, og møtte fast frå nyår 1958. Han vart attvald dei to neste periodane, fyrste gongen på fellesliste med Venstre, deretter på ei rein senterpartiliste. I alle tre tingbolkane var han medlem av kyrkje- og undervisningskomiteen. Han var mellom anna saksordførar for opprettinga av Universitetet i Tromsø. I dei to siste periodane var han høvesvis sekretær og visesekretær i Odelstinget.

Hovdhaugen hadde ei mengd offentleg verv. Han var styremedlem i Riksteatret frå 1949 til 1972, leiar dei siste fire åra. På 1960-talet var han medlem av Vogt-komiteen, som vurderte språkstoda i landet, aktiv i Noregs Mållag. Han hadde fleire sentrale tillitsverv i landbrukssamvirket og i Norges Bondelag. Frå 1969 var han med i den fem mann store Nobelkomiteen. Hovdhaugen og Helge Rognlien trekte frå Nobelkomiteen i 1973, etter at fleirtalet på tre hadde trumfa gjennom at prisen skulle tildelast Henry Kissinger og Le Duc Tho.

Gjennom store delar av sitt vaksne liv skreiv Hovdhaugen mange kultur- og lokalhistoriske bøker og artiklar, og tok del i debattar om kulturpolitiske spørsmål. Mellom anna forfatta han to bøker prenta i serien Norsk kulturarv; Husmannstida frå 1975 og Vårt møte med døden frå 1981.

Hovdhaugen vart tildelt ei rad prisar. I 1976 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og i 1978 fekk han Norsk kulturråds pris for lokalhistorie.

Kjelder endre