Eirin Kristin Sund
norsk politikar
Eirin Kristin Sund (fødd 6. april 1967 i Brønnøysund) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Rogaland i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009.
Eirin Kristin Sund | |||
| |||
Fødd | 6. april 1967 (57 år) Brønnøysund | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Kjell Sund | ||
Alle verv |
|
Eirin Sund har arbeidserfaring frå borne- og ungdomsarbeid i heimfylket Rogaland og er frå 2007 visepresident i Norges fotballforbund.
Før ho vart vald inn på Stortinget var ho fylkesvaraordførar i Rogaland 2003-05. Sund har tidlegare vore varaordførar i Gjesdal, politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet og statssekretær i Samferdselsdepartementet. Sund var i 2006 med og stifta Humanistiske sosialdemokratar, der ho sat i styret frå 2006.
Eirin Sund er dotter av Ap-politikaren Kjell Sund.
Regjering
endre- 13. november 1996–17. oktober 1997: politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet
- 17. mars 2000–19. oktober 2001: statssekretær i Samferdselsdepartementet
Stortingskomitear
endre- 2005–09: medlem i finanskomiteen
- 2009–: andre nestleiar i energi- og miljøkomiteen
- 2009–: medlem i valkomiteen