Eivind Vågslid (23. september 189721. august 1986) var ein norsk språkforskar.

Eivind Vågslid
Fødd23. september 1897
Vinje kommune
Død21. august 1986
NasjonalitetNoreg
Yrkefilolog, lærar

Vågslid vart fødd i Vinje i Telemark i 1897. Trass i at han var odelsgut valde han filologien framfor gardsbruket, og som lektor underviste han storparten av sin yrkeskarriere på Eidsvoll landsgymnas, i heile 27 år. Ein periode underviste han også ved Universitetet i Oslo. Allereie før han hadde fullført utdanninga si, utmerka han seg som forskar. I 1926 fekk han H.M. Kongens gullmedalje for sine granskingar av norske mellomalderbrev. Seinare var det namneforsking som kom til å oppta han mest. I 1985 fekk han kongens fortenestmedalje i gull.

Stadnamnforskaren endre

I 1961 søkte han om avskil slik at han kunne få tid til å konsentrera seg heilt og fullt om den store oppgåva si, nemleg tolking av norske stadnamn. Då han døydde i 1986 let han etter seg ein stor produksjon, ikkje minst to trykkeferdige, ruvande manuskript som han ikkje rakk å gje ut medan han levde: Norderlendske fyrenamn (utg. 1988) og Norske skrivarar i millomalderen (utg. 1990).

Men det var likevel for si gransking av opphavet til stadnamn at han vart mest kjend - og vekte mest debatt. Ja, ikkje berre debatt, men hatske utfall frå dei som kjende seg truga, dvs. ymse personar i det etablerte akademiske miljøet. Dei kunne ikkje finna seg i kritikken hans, som kort sagt gjekk ut på at han heldt eit dundrande oppgjer med den fastgrodde oppfatninga at mange gamle gardsnamn skulle vera laga av heidenske gudenamn. Dette skuldast - etter Vågslid si meining - ei nasjonalromantisk oppfatning som hadde byrja med P.A. Munch (1810-1863) på midten av 1800-talet, og som vart teke opp av stadnamngranskarane etter han, ikkje minst av Magnus Olsen som har vorte ståande som eit sanningsvitne på området. Olsen hevda at det fanst minst seks hundre stader i landet som hadde fått namn etter dei gamle gudane. Vågslid er ikkje nådig i omtala av denne tankegangen, av «den vranglæra, den ovtru og den skynløysa som i stor mun hev rått i norderlendsk stadnamngransking, den vranglæra som vart grunnlagd av P.A. Munch, den ovtru som serleg vart nørd med det ville og røyndlause tankespinnet åt Magnus Olsen.»[treng kjelde]

Doktordisputas endre

Det seier seg sjølv at han ville møta motstand. Og motstanden vart hard. I 1974 disputerte han til ein doktorgrad på temaet, berre for å bli møtt med ein massiv kritikk. Vågslid kom med krasse og akademisk solide motsvar både i 1979 og 1984, men doktorgraden fekk han aldri. No i ettertid har han endeleg byrja å få oppreising frå fagleg hald. Historia om Vågslid er samstundes ei soge om kva det vil seia å leggja seg ut med det etablerte miljøet.

«I staden for å inspirera denne engasjerte og nytenkjande mannen, stritta delar av det akademiske miljøet imot. Vågslid gav seinare ut ein del av brevvekslinga, og det er pinleg lesing. Det er eit eksempel på korleis eit universitetsmiljø bruker makt og posisjonar for å stengja til og med for debatt. Trass i dette har Vågslid no fått tilslutning, og om ikkje alle er hundre prosent samde i alt Vågslid hevdar er det neppe tvil om at hovudbodskapen hans er rett».[1] Gudehov er så mykje meir spanande og dramatisk enn søkk og haugar i landskapet.

Vågslid hadde inga tru på at det var gamle gudenamn ein fann i stadnamna kringom i landet, han hadde ei meir praktisk tilnærming. Han tolka t.d. leddet tor- som eit lydmålande ord, eit onomatopoetikon. -tor hadde ingenting med guden Tor å gjera, det skulle tyda bulder, og sidan det buldra av fossar - og det gjerne var gode fiskeplassar på slike stader - meinte Vågslid at ordet hadde gått over til å få ei meir generell tyding - fiskeplass. Ettersom toreguden (buldreguden) også vart framstilt som fiskar, tolka Vågslid det som ei avleiing. Sidan -tor kunne bety både godt fiske og var namnet på ein gud, måtte guden vera fiskarane sin gud. Eit anna døme: Namn som byrjar - eller inneheld - leddet -hov, som Hovland, har ein gjerne tolka slik at det har vore eit hov der. Ja, ein religionsforskar ved Universitetet i Bergen skreiv utan vidare om ein slik stad at det hadde vore eit gudehov der, ettersom leddet -hov var provet på det. Men det stemmer ikkje, meiner Vågslid. «Hov» tyder ganske enkelt 'haug', seier han, og har såleis ikkje noko med gudehov å gjera. På same vis avviste han at liknande ord som ein skulle tru kom av gudenamn ikkje hadde noko med den gamle heidendomen å gjera, men at dei tvert om skildra dei naturlege tilhøva på staden, t.d. om det var kaldt eller bratt eller skogrikt der. Vågslid var i så måte ein mann som visste kva han snakka om - mang ein sommarferie vart nytta til å reisa kring i landet og sjå desse stadene ved sjølvsyn, det var ikkje berre «skrivebordsteoriar» som vart presentert, slik nokre skulda han for. Han oppsøkte stadene personleg, såg dei med eigne auge, prata med folk på staden og spurde dei ut. For Vågslid gjekk ingenting på ein slump. Litt enkelt kan me seia det slik at Vågslid meiner bøndene slett ikkje kalla opp gardane sine etter gamle gudar slik den rådande læra gjekk ut på, men etter former i naturen.

Bibliografi endre

Ein fullstendig bibliografi finst i Norderlendske fyrenamn. Her er berre bøker og tidskriftstykke av Eivind Vågslid tekne med. Men han skreiv også mykje i aviser (frå 1920 av), då mest om målspørsmål og namnegransking. Her vert berre nokre av dei større skriftene hans nemnt, det vil seia bøkene:

  • Norsk navnebok. Døypenovn med tydingar. 256 s. Oslo 1930. (Boka var ferdig i desember 1929, og nokre få eksemplar — visstnok tre — ber årstalet 1929.)
  • Norske logmannsbrev frå millomalderen. Ei skrifthistorisk etterrøking av logmannsbrev frå Oslo, Uppland, Skien, Tunsberg, Borgarting og Bohuslän. 192 s. Oslo 1930.
  • Nidaros i trøndske logmannsbrev frå millomalderen. 14s. Oslo 1931.
  • Norsk navnesed. Ei utgreiding um norske mannenovn. 80 s. Oslo 1932.
  • Norsk måltidende l. 160 s. Eidsvoll. (Kom i 10 hefte.)
  • Norsk måltidende 2. s. 161—320. Eidsvoll. (Kom i 5 hefte.)
  • Pál Styrkársson og Varðnaðarr´øða. (Avhandlinger utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. II. Hist.-Filos. Klasse. 1937. No. 3). 33 s. Oslo 1937.
  • [Norsk måltidende 3]. s. 321—480. [Eidsvoll]. (Kom i 5 hefte. Dette tidskriftet gav Vågslid ut på eigen kostnad. Dei til saman 29 artiklane i dei tre banda er alle skrivne av han, og innhaldet krinsar om rettskrivingsspørsmål, målodling og gamalnorske emne. Siste bandet lyktar midt i ei utgreiing og vantar eige tittelblad.)
  • Bøyging av fyrrtid partisipp til sterke segnord med endinge i i norske målføre. Heidersskrift til Gustav Indrebø på femtiårsdagen 227—36. Bergen 1939.
  • [Namnetolkingar i] Norsk Allkunnebok. 1—10. Oslo [1949—66]. (På ein prenta lapp til tingarane i 1966 opplyser Fonna forlag at «Stadnamn-tydingane av Eivind Vågslid er det tanken å få ut i ei serskild bok med tillegg og eventuelle rettingar.» — Det vart berre med tanken. I alt ber 4900 namnetolkingar signaturen «E. V»; av desse gjeld 4200 stadnamn — norske og utanlandske — og 700 døypenamn. Kring 10 artiklar om andre emne har Vågslid og skrive).
  • Skaldeord. 86 s. [Eidsvoll 1952].
  • Stadnamntydingar. 232 s. Eidsvoll 1958. (Siste luten av opplaget vart innbunden i 1983, med nytt omslag: «Eidsvoll 1958. Med tillegg 1983». Det upag. tillegget er 3 s.)
  • Stadnamntydingar. l. 272 s. [Oslo 1963].
  • Vestfoldmål 1366—99 i 30 brev av bisp Øystein Aslaksen i Oslo. X + 289 s. Oslo 1969.
  • Stadnamntydingar. 2. XX + 592 s. Oslo 1974 [utsend januar 1975].
  • Stadnamntydingar. 3. [IV] + 183 s. Oslo 1979.
  • Stadnamntydingar. 4. Med nye tydingar til ord og namn. Ill s. Bjørgvin 1984.
  • Norderlendske fyrenamn. Namnebok. 436 s. Eidsvoll 1988.
  • Norske skrivarar i millomalderen. 804 s. Eidsvoll 1989.

Vurdering i dag endre

Standardverket for norske stadnamn er Norsk stadnamnleksikon (1973 - revidert utgåve 1997). Ingen av Vågslids tolkingar har fått noko gjennomslag der: Fleire av tolkingane hans av kjende namn og ordledd (f.eks. Oslo, Rygjarbit, Torshov og -hov) er ikkje omtala i det heile, og dei av tolkingane hans som er nemnde vert avvist som språkleg uhaldbare - eller i beste fall førte opp som alternative (men usannsynlege) teoriar.

Nokre av verka hans er til stades i litteraturlister på høgskular og universitet, om enn som tilleggslitteratur, og då meir i Sverige enn i Noreg. Det står ikkje til å nekta for at det som skjedde då doktorgradsavhandlinga hans vart refusert framleis kastar sine lange skuggar over mannen og verket. Etter hans død er to av dei etterlatne manuskripta hans trykte opp med stønad frå NAVF: Norderlendske fyrenamn, ei samling av alle kjende og opphavleg norrøne og sams nordiske personnamn, med ei omtale av forfattaren skrive av professor Oddvar Nes, og Norske skrivarar i millomalderen, der Vågslid har granska i original alle kjende norske brev og dokument frå om lag 1100 til 1400, i alt 1400 utvalde brev. Departementet nyttar dessutan namnebøkene hans. Han gav tidlegare ut Norsk navnebok, som no er utseld. Om Norske skrivarar i millomalderen skriv professor Olaf Olsen, arkeolog og tidl. Dansk riksantikvar: «... jeg er i sær meget betaget af «Norske skrivarar i millomalderen», der vil være et vigtigt redskab for alle, der beskæftiger sig med med de norske middelalderbreve. (-) vil De gøre en god gerning ved at forsyne de nordiske filologiske universitetsinstitutter med hele produktionen og desuden at sørge for, at de historiske institutter får bogen om skriverne.»

Magnus Rindal, som var med og hjelpte til i arbeidet med utgjevinga av boka, hevdar i innleiinga at ingen som frå no av vil arbeida med det norske brevmaterialet frå mellomalderen kan sjå vekk frå Vågslid si avhandling.

«Også i dette verket hevda Vågslid det same materialistiske synet som i stadnamngranskinga si», skriv Kristoffer Kruken ved avd. For namnegransking ved institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved UiO i ein artikkel frå 1990 om Norderlendske fyrenamn. «Når ein ser litt på tolkingane åt Vågslid, slær det ein at han ikkje berre var oppteken av å forklare mytologiske namn på ein ny måte, men at han òg hadde sjølvstendige meiningar om mange namn som tidlegare vart rekna for å innehalde ord for «røynlege ting og tilhøve» - som han sjølv uttrykte det.»[treng kjelde]

Verket er i første rekkje eit oppslagsverk der ein finn namnekjeldene og framlegg til tolkingar. Mykje av dei same prinsippa som i stadnamntolkinga går att også her. Vågslid går såleis ut frå at døypenamna har eit ikkje-mytologisk opphav. Her er det altså ikkje snakk om at borna vart kalla opp etter gudar. I boka finn ein elles ikkje berre førenamn som var i bruk som nemningar på folk, men også namn på diser, gygrer, vette og uvette, jotnar osv. No er me altså i før-kristen tid. Professor Reidar Djupedal skriv i ei omtale av verket frå 1988 at boka kviler på eit stødig kjeldegrunnlag.

Fleire solide namn innan både historiefaget og språkforskinga har teke til orde for Vågslid sitt livsverk og kontroversielle synspunkt. Såleis seier den tidlegare kollegaen hans ved Eidsvoll landsgynmas, språkeksperten og historikaren Eirik Sundli til Eidsvoll Blad i 1997: «Jeg betrakter Eivind Vågslid som en av de betydeligste navneforskerne i vår tid. Enkelte av Vågslids navnetydinger er nå allment akseptert. Dette gjelder ikke minst i Sverige. Han satte i gang en fruktbar og nyttig prosess. I dag vil nok navneforskerne havne på en blanding mellom de gamle gudeforklaringene og Vågslids forklaringer som tok utgangspunkt i naturforholdene. Det Vågslid gjorde, var et nybrottsarbeid når det gjelder å finne navn ut fra naturforhold og -normer.» Og vidare: «Han var ekspert på gammelnorsk og gjorde også på det feltet oppsiktsvekkende forskningsarbeid.» Sundli var ikkje i tvil om at Vågslid burde ha fått doktorgraden.

  1. Gard Espeland. «Kven skal avsanne mytane?». Dag og Tid, 25. september 1997, s. 22.