Ekstremvêret Agda

Ekstremvêret Agda var eit ekstremvêr som råka Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag sør for Trondheimsfjorden den 14. januar 2003. Det var det første ekstremvêret av fem dette året, men det siste av to i løpet av vinteren 2002/2003. Det første ekstremvêret var Yrjan den 17. desember 2002.

Agda gav full til sterk storm. Kraftigast vind vart målt på Kråkenes fyr ved Stad, med ein middelvind på 37,5 m/s, som er orkan. Svinøy fyr litt lenger nord målte 31 m/s, medan Ona fyr fekk 29 m/s, begge desse sterk storm.

Alle hurtigbåtsamband i Møre og Romsdal stoppa opp, samt tre ferjesamband. Det vart registrert mindre skadar på bygningar åg ein seglbåt gjekk ned i ei småbåthamn.[1]

Kraftigast vind endre

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Kråkenes fyr 37,5 44
Svinøy fyr 31 39
Ona 29 38
Vinjeøra 27 -
Sula 26 34
Ørland 25 35
Halten fyr 24 32
Ytterøyane fyr 24 33
Tingvoll 23 -

Fotnotar endre

  1. Kjell Herskedal (14. januar 2003). «Mer storm i vente». Sunnmørsposten. Henta 29. september 2008. 

Sjå òg endre