Ekstremvêret Yrjan

Ekstremvêret Yrjan var eit ekstremvêr som råka Vesterålen, Troms og Finnmark den 17. desember 2002. Dette vart det einaste ekstremvêret i 2002, men seinare på vinteren, i januar 2003, vart Midt-Noreg råka av ekstremvêret Agda.

Troms og vestlege område av Finnmark observerte sterk storm, medan enkelte område i Aust-Finnmark fekk full storm og i Vesterålen liten storm, som ikkje karakteriserer til ekstremvêr. I indre område, som Narvik og Nordstraum i Kvænangen vart det observert sterk kuling, som er uvanleg her.[1]

Hendinga fekk brei dekning i media, særleg i områda uvêret gjaldt for, og innbyggjarar i området var generelt godt førebudd. Det vart ikkje rapportert om skadar etter uvêret. Noko trafikkproblem vart det likevel og Hurtigruta låg vêrfast i Tromsø i fleire dagar. Fleire vegar stengd før uvêret slo til.[1]

Kraftigast vind endre

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Helnes fyr 31 -
Fugløykalven fyr 30 34
Fruholmen fyr 29 38
Sletnes fyr 25 32
Torsvåg fyr 24 34
Nordøyan fyr 24 31
Skrova fyr 24 30

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Unni Thomsen og Olav Erikstad (2002). «Årsrapport 2002» (PDF). Meteorologisk Institutt. s. 15-17. 

Sjå òg endre