Vinranke
Vinranke (Vitis vinifera) er ein art i vinrankeslekta. Dei fleste vinane i verda blir produsert av druer frå denne arten. Det er likevel vanleg at Vitis vinifera blir poda på rotstokkar av andre arter i vinfamilien for å oppnå motstand mot vinlus. I dette tilfellet er den fruktberande delen av vinranken av arten Vitis vinifera, men ikkje røtene. I visse tilfelle blir det dyrka hybridar av Vitis vinifera og andre vinrankeartar.
Vinranke | |
Vinranke | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vinrankeordenen Vitales |
Familie: | Vinrankefamilien Vitaceae |
Underfamilie: | Vitoideae |
Slekt: | Vinrankeslekta Vitis |
Underslekt: | Euvitis |
Art: | Vinranke V. vinifera |
Vitskapleg namn | |
Vitis vinifera |
Utbreiing
endreDen ville planten stammar frå Sentral-Asia. Han er blitt introdusert og dyrka i fleire regionar over heile verda. Populasjonar i Asia som kanskje er ville er truga av intensiv bruk. Dyrka populasjonar av planten er vanleg. IUCN listar arten som livskraftig (LC).[1]
Underartar
endreVinranke blei dyrka i Egypt for 6000 år sidan.[2] Denne dyrka vinranken kjem frå den vilde underarten V. vinifera subsp. sylvestris som finst i middelhavsområdet. Subsp. sylvestris blir av nokre taksonomar rekna som ein eigen art, V. silvestris.
Den viltveksande austlege underarten V. vinifera subsp. caucasica, blir vanlegvis ikkje lenger rekna som ein eigen underart, men rekna til subsp. sylvestris.
Underartane blir hovudsakleg skilde ut på følgjande måte:[3]
- subsp. vinifera er hovudsakleg tokjønna (særbu), medan Vitis sylvestris er einkjønna (sambu)
- subsp. sylvestris har berre blå druer (mørk farge), som er relativt små med relativt større kjerner, medan det finst kultivarar av Vitis vinifera med både blå og grøne druer.
Hybridar
endreHybriden mellom vinranka og labruskavin (V. labrusca) har fått namnet alexandervin (V . ×alexanderi), men denne kryssinga blir vanlegvis rekna til Labrusca-gruppa.
Galleri
endreKjelder
endre- ↑ Central Asian regional tree Red Listing workshop 2007 Vitis vinifera . Frå: IUCN 2007. IUCN Red List of Threatened Species. Versjon 2018.1. Vitja 16. juni 2023.
- ↑ "Vinranka". Arkivert 15. mai 2013 på Wayback Machine. Shenet.se. Vitja 28. juli 2013.
- ↑ Wein-Plus Glossar, uppslagsordet Wildreben, hämtad 20 augusti 2007
- Denne artikkelen bygger på «Vinranka» frå Wikipedia på svensk, den 28. desember 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) vinranke hos Artsdatabanken
- (en) vinranke i Encyclopedia of Life
- (en) vinranke i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) vinranke hos Dyntaxa
- (en) vinranke hos ITIS
- (en) vinranke hos NCBI
- (en) vinranke hos The International Plant Names Index
- (en) vinranke hos Tropicos
- (en) Kategori:Vitis vinifera – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Vitis vinifera – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Vitis vinifera – detaljert informasjon på Wikispecies