Eldkvedeslekta

planteslekt

Eldkvedeslekta (Chaenomeles) er ei planteslekt i rosefamilien med artar frå Myanmar, Bhutan, Kina og Japan. Dei er vanlege hageplanter. Storeldkvede og småeldkvede finst i Noreg.[1]

Eldkvedeslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Eplefamilien Maloideae
Slekt: Eldkvedeslekta Chaenomeles
Lindl.

Slekta består av lauvfellande buskar, eller i sjeldsynte fall små tre, oftast med tornar. Blada er enkle og tanna. Stipler er store og nyreforma. Blomstrane kjem fleire i lag langs greinene. Begerblada er hårlause, heile, oppretta, og dei fell etter blomstringa. Det er fem kronblad. Det er mange støvberarar. Slekta har fruktemne med fem karpellar (fruktblad) og fem frie pistillar. Fruktene er utan skaft.

Kjelder

endre
  1. Slekt Chaenomeles, artsdatabanken.no

Bakgrunnsstoff

endre