Elektrisk maskin er eit samlande omgrep for elektriske motorar og elektriske generatorar, som begge er energiomsettarar mellom elektrisk og mekanisk energi. Den mekaniske rørsla kan vera lineær eller roterande og dei elektriske storleikane spenning og straum kan vera konstante (likestraumsmaskinar) eller sinusforma (vekselstraumsmaskinar).

Sjølv om transformatorar omset frå elektrisk til elektrisk energi vert dei ofte rekna som elektriske maskiner. Dette heng langt på veg saman både med at mykje av teknologien er lik med elektriske motorar og generatorar og at dei vert studerte og nytta i nær tilknyting til desse.

Histori endre