Elias Hetting
norsk politikar
Elias Frederik Hetting (3. juni 1769–27. oktober 1826) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Elias Hetting | |
Fødd | 3. juni 1769 Holt |
Død |
27. oktober 1826 (57 år) |
Yrke | politikar |
Hetting var fødd i Holt i Aust-Agder, faren var forvaltar ved Nes Jarnverk. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1790, og vart året etter fullmektig hos sorenskrivaren i Ryfylke. Han var fungerande sorenskrivar i Ryfylke 1797-1800, deretter sorenskrivar i Aust- og Vest-Finnmark 1800-05. Frå 1805 og til han døydde var han sorenskrivar i Namdalen.
Hetting var 3. representant frå Nordre Trondhjems amt på Stortinget 1815-16. Han var medlem av 14 komitear, der i mellom justiskomiteen, handelskomiteen, om kjøpstadprivilegiar, om kjøpstad i Grimstad og om rikshospital.
Han døydde i Fosnes i 1826.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Elias Hetting NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv