Elin Agdestein

norsk politikar

Elin Rodum Agdestein (fødd 10. august 1957 i Steinkjer) er ein norsk politikar for Høgre. Ho har vore vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2013.

Elin Agdestein

Elin Rodum Agdestein
Foto: Kjetil Ree
Fødd10. august 1957 (66 år)
Steinkjer kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, ergoterapeut, forretningsdrivande
Alle verv

Bakgrunn og yrkeskarrière endre

Agdestein har examen artium frå Steinkjer gymnas frå 1976, eksamen i kunsthandverk frå Røros VGS frå 1977, ex. phil. frå Universitetet i Trondheim frå 1978, utdanning som ergoterapeut frå Høgskolen i Sør-Trøndelag frå 1983 og kurs i styrearbeid frå Høgskolen i Nord-Trøndelag frå 2004. I perioden 1990–1991 hadde ho eit opphald ved University of California, Los Angeles.

Ho var tilsett ved treningssentet til NKS for funksjonshemma barn i Levanger 1977–1978, Dikemark sjukehus i 1979, Tåsen sykehjem i 1980, Ullevål sjukehus i 1980 og Sunnaas sjukehus i 1981. Vidare var ho kommuneergoterapeut i Namdalseid 1985–1988, leiande ergoterapeut ved Namdal sjukehus 1987–1989 og leiande ergoterapeut i rehabiliteringstenesta i Steinkjer kommune 1991–1994. Agdestein var også styreleiar og dagleg leiar ved Steinkjer Montessoriskole frå 2003 og prosjektleiar for etablering av Steinkjer medisinske senter 2006–2007. Ho er næringsdrivande konsulent frå 1995 og avdelingsleiar i Dr Agdestein AS frå 2000.

Politisk arbeid endre

Ho har vore medlem av Høgre sidan 1985 og leiar i Nord-Trøndelag Høgre sidan 2012. Før dette var ho medlem av arbeidsutvalet 2004–2009, kvinnepolitisk leiar 2009–2010 og 1. nestleiar 2010–2012.

Agdestein var medlem av Steinkjer kommunestyre 2003–2013, medlem av formannskapet 2007–2013 og gruppeleiar 2007–2013. Ho var også medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 2009–2013, gruppeleiar på fylkestinget 2011–2013 og 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag 2009–2013. Andre verv ho har vore med i er medlem av Trøndelagsrådet, medlem av Sparebank 1 SMN representantskap og medlem av Landsdelsutvalget for Nord-Norge og Nord-Trøndelag.

Hausten 2013 vart ho vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag. Agdestein vart med dette den første Høgre-representanten på distriktsmandat så vel som den første kvinnelege representanten frå fylket etter 1993.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre