Opna hovudmenyen
Periferieininga Ilía
Περιφερειακή ενότητα Ηλείας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Vest-Hellas
Hovudstad Pýrgos
Folketal 159 300 (2011[1]) Rangering 13.
Areal 2 618 km² Rangering 22.
Folketettleik 61/km²
Kommunar 7
Postnummer 27x xx
Retningsnummer 262x0
Bilnummer HA
Heimeside www.nailias.gr

Periferieininga Ilía (gresk Περιφερειακή ενότητα Ηλείας, Periferiakí enótita Ilías) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Hellas.[2] Hovudstaden i periferieiningα er Pýrgos. Periferieininga ligg vest på Peloponnes.

Innhaldsliste

Administrativ inndelingEndra

GeografiEndra

Kysten av Ilía har 120 km med sandstrender. Den lengste elva i periferieininga er Alfiós. Andre elvar er Erýmanthos og Néda, som dannar grensa mellom Ilía og Messinía.

I sør ligg fjellkjedene Móvri (Μόβρη), Dívri (Δίβρί), Mínthi (Μίνθη) og fleire.

Ilía grensar til Messinía i sør, Arkadía i søraust og Akhaía i nordaust. Det joniske havet ligg i nord og vest. Øya Zákynthos ligg eit stykke vest for Ilía.

HistorieEndra

I 776 fvt. vart dei første olympiske leikane halde i Olympia i Ilía. Desse leikane varte inn i Romarriket og Austromarriket. På 200- og 300-talet herja gotarar, slavarar og vandalar i området. På 1000- til 1200-talet bygde frankarane festningsverk i området for å hindre åtak frå nord. I 1204 vart fyrstedømet Akhia oppretta og Ilía vart ein del av dette dei neste 256 åra. I 1460 vart fyrstedømet og Ilía erobra av Det osmanske riket. Tida under osmanarane varte fram til den greske sjølvstendekrigen i 1821, med korte avbrot då Venezia erobra område på Peloponnes.

Ilía vart først ein del av det større prefekturet Akhaía-Ilía. Dei vart skild frå kvarandre og kom saman igjen, med sidan 1934 har dei vore fråskild.

I august 2007 vart Ilía råka av enorme skogbrannar, som førte til fleire titals dødsfall og enorme miljømessige og økonomiske øydeleggingar. Totalt omkom 45 menneske i prefekturet, men over 100 000 vart råka på ein eller annan måte. 3 500 vart heimelause, 25 000 dyr døydde og 8 500 hektar med skog brann ned, i tillegg til 2 300 hektar med jordbruksland.

Byar og tettstaderEndra

ReferansarEndra

KjeldeEndra