Eliteserien i handball 1997/98–Kvinner

Eliteserien i handball 1997/98 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 14. september 1997 til 13. april 1998.

Byåsen Idrettslag frå Trondheim vart seriemeister for femte gong, to år etter den førre serietriumfen. Mannskapet bestod av Trine Haltvik, Mia Hermansson Högdahl, Suzana Zulijani, Maren Villabø, Connie Mathisen, Kari Knudsen, Camilla Solberg, Kari Solem og målvakta Annette Skotvoll.

Poengtabell

endre
Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Byåsen IL 22 650-474 38
2 Bækkelaget SK 22 650-500 36
3 Larvik HK 22 634-466 35
4 Tertnes IL 22 642-580 30
5 Nordstrand IF 22 518-489 26
6 Selbu IL 22 530-544 24
7 Stabæk IF 22 507-557 20
8 Lunner IL 22 535-570 17
9 Gjerpen IF 22 489-581 15
10 IK Junkeren 22 478-548 13
11 Porsgrunn 22 496-622 6
12 Sjetne IL 22 421-619 4

Kjelder

endre
  • Sportsboken 98-99. Chr. Schibsteds Forlag. 1998.