Else Germeten
Else Germeten (8. august 1918–11. september 1992) var ei norsk organisasjonskvinne, filmkontrollør og politikar for Arbeidarpartiet.
Else Germeten | |||
Fødd | Else Knutson 8. august 1918 | ||
---|---|---|---|
Død | 11. september 1992 (74 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Ektefelle | Gunnar Germeten | ||
Barn | Kjersti Germeten, Gunnar Germeten jr. |
Germeten studerte engelsk og litteratur i Noreg og seinare psykologi i USA.[1]
Frå 1959 til 1969 var Germeten leiar i Norges Husmorforbund.[1] I 1970 blei ho tilsett i Statens Filmkontroll.[1] I 1978 blei ho sjef i filmkontrollen, og sat i stillinga til ho gjekk av med pensjon i 1987.[2] Som filmkontrollsjef gjorde ho seg særleg merka i 1980, då filmen Profeten Brians liv og historie blei forboden i Noreg.[3] Frå 1979 til 1984 var Germeten medlem av Den Norske Nobelkomite.[4] Ho sat i Pressens Faglige Utvalg[2] og ei rekkje andre utval og styre.
Germeten var gift med embetsmannen Gunnar Germeten (1918–95) og mor til teaterkunstnaren Kjersti Germeten (1942–2004), læraren Frode Germeten (f. 1949) og komponisten Gunnar Germeten jr. (1947–1999).
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Bjørn Steenstrup: Hvem er Hvem? 1973, Oslo: Aschehoug , 1973, s. 173-174. Tilgjengeleg frå prosjekt Runeberg.
- ↑ 2,0 2,1 Nekrolog i Aftenposten, morgenutgaven 24. september 1992, s. 13.
- ↑ Verdens Gang, 17. oktober 1980, s. 44.
- ↑ «Germeten, Else», Nobelprize.org. Vitja 9. november 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Else Germeten» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2024.