Kjersti Germeten
Kjersti Germeten (22. desember 1942–29. oktober 2004) var ein norsk skodespelar, dokkeførar og dokkemakar. Ho var ein sentral skikkelse i norsk figurteater.
Kjersti Germeten | |||
Fødd | 22. desember 1942 | ||
---|---|---|---|
Død | 29. oktober 2004 (61 år) | ||
Dødsstad | Bergen | ||
Verka som | skodespelar, dokkespelar, dokkemakar | ||
Mor | Else Germeten | ||
Far | Gunnar Germeten | ||
Sambuar | Christian Egemar | ||
Prisar | Den norske kritikerprisen, Oslo bys kunstnerpris, Teskjekjerringprisen, Tyrihansprisen |
Familie
endreKjersti Germeten var dotter av filmkritikaren Else Germeten (1918–92) og embetsmannen Gunnar Germeten (1918–95) frå Stavanger. Komponisten Gunnar Germeten jr. (1947-1999) var bror hennar.
Germeten var sambuar med scenografen Christian Egemar.[1]
Utdanning
endreEtter examen artium tok Germeten ein bachelor-eksamen i sosiologi ved University of Hawaii, og studerte også keramikk, skulptur, vev og drama ved det same universitetet.[2] Ho utdanna seg dessutan i biletvev ved Statens Lærerskole i forming, og underviste i 1968 i vev ved Ila sikringsanstalt.[2]
Kunstnerisk virke
endreGermeten var i store delar av teaterkarrieren sin knytt til Oslo Nye Teaters dokketeater. Den fyrste oppsetjinga ho medverka i var Smørbukk og dragen, som hadde premiere 17. mai 1969.[3] Etter kvart hadde ho også regi på mange oppsetjingar; det gjaldt blant anna stykket Speiltrollet, som var skrive av Else Færden og hadde urpremiere på Oslo Nye Dukketeater 19. september 1986.[4]
Dokkespelaren Marianne Edvardsen fortalde i eit intervju i 2014 at Kjersti Germeten starta ein «gateklubb» for borna i sitt eige nabolag, der ho lærte borna å lage dokker og spele med dei. Edvardsen var ti år gammal då ho blei med i «gateklubben» til Gemeten, og det var dette som påverka det seinare yrkesvalet hennar.[5] Seinare blei Edvardsen og Germeten kollegaar ved Oslo Nye Teater. Der samarbeidde dei blant anna om å utvikle konseptet «babyteater» for heilt små barn, som blei ein stor suksess ved teateret. Dei utarbeidde også publikumssuksessen Oksen Ferdinand, som Edvardsen fortsette å framføre etter at Germeten døydde i 2004.
Kjersti Germeten døydde på scena under ei framsyning på Den Nationale Scene i Bergen.[6]
Priser og utmerkingar
endreKjersti Germeten blei tildelt Teaterkritikerprisen for 1983/1984 for oppsetjinga Den hvite selen[7], som ho hadde laga saman med broren sin Gunnar Germeten jr. Denne oppsetjinga var basert på ei tekst av Rudyard Kipling. Kjersti Germeten var ansvarleg for både manus, dokker og regi,[8] mens broren hadde komponert musikken til oppsetjinga.[9]
I 1994 mottok Germeten Oslo bys kunstnarpris, og i 2000 mottok ho Teskjekjerringprisen.[10] Ho blei også tildelt Tyrihansprisen, som er æresprisen til UNIMA-Noreg for betydeleg innsats for figurteaterkunsten.
I 2003 blei Germeten utnemnd til æresmedlem av Norsk Skuespillerforbund.[11]
Kjelder
endre- ↑ Lyche, Lise (8. mai 2013). «Christian Egemar». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 13. november 2017.
- ↑ 2,0 2,1 Herman Berthelsen (1987). «Hvem er hvem i norsk kulturliv?». urn.nb.no (på norsk). Dreyer. Henta 4. mai 2018. «Kjersti Germeten»
- ↑ «Kjersti Germeten». www.sceneweb.no (på norsk). Henta 13. november 2017.
- ↑ Færden, Else (1986). Speiltrollet : et spill for dukker. Solum. ISBN 8256004363.
- ↑ «En verden av dukker». Oslo Nye Teaters magasin ON! Høsten 2014 (på engelsk). Henta 13. november 2017.
- ↑ «Bergensavisen - Døde på scenen». www.ba.no (på norsk). 30. oktober 2004. Henta 13. november 2017.
- ↑ «Bergensavisen - - Grand, old lady». www.ba.no (på norsk). 30. oktober 2004. Henta 13. november 2017.
- ↑ «Mottakere av Teaterkritikerprisen - Kritikerlaget». Kritikerlaget (på norsk bokmål). Henta 13. november 2017. «1983/84 Kjersti Germeten for manus, regi og dukker til Rudyard Kiplings Den hvite selen på Oslo Nye/Dukketeatret.»
- ↑ «Germeten, Gunnar jr.». MIC - Norsk musikkinformasjon. Henta 13. november 2017.
- ↑ «Vinnere av Prøysenprisene - NOPA». NOPA (på norsk bokmål). Henta 13. november 2017.
- ↑ «Æresmedlemmer – Norsk Skuespillerforbund». www.skuespillerforbund.no. Henta 13. november 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Kjersti Germeten» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2024.