Gironde-estuaret

(Omdirigert frå Elvemunningen Gironde)

Gironde er eit estuar, ofte kalla ei elv, sørvest i Frankrike, og vert danna av elvane Dordogne og Garonne like nedanfor byen Bordeaux.

Gironde-estuaret
estuar
Land  Frankrike
Del av Atlanterhavet
Kart
Gironde-estuaret
45°35′23″N 1°02′57″W / 45.58972222°N 1.04916667°W / 45.58972222; -1.04916667
Wikimedia Commons: Gironde estuary
Taubåt hjelper eit bulkskip i elvemunningen Gironde på veg mot hamna i Bordeaux

Gironde er om lag 65 km lang, og mellom 3 og 11 km brei, og departementet Gironde er kalla opp etter ho. I Gironde er det svært kraftige tidvasstraumar, og sjølv om elva er framkommeleg for havgåande skip, er ho vansksleg å navigere i på grunn av dette.

Den andre verdskrigen endre

Gironde var åstad for Operasjon Frankton, ein operasjon av britiske spesialstyrkar under den andre verdskrigen der målet var å øydeleggje skip som låg til kai i Bordeaux.

Øyar i Gironde endre

I elvemunningen mellom Pointe de la Grave på sjøsida og Le bec d’Ambes ligg det ei rekkje småøyar.

Île de Patiras er 200 ha stor med eit fyr, som hjelp til med navigering i elvemunningen. På øyane vert det dyrka vinranker og mais.

Île de Sans-Pain og Île de Bouchaud er i dag praksis ei øy, på grunn av tilslamming av området mellom dei, og dei vert no kalla Île Nouvelle. Dei har eit totalt areal på 256 ha, og er eig av Conservatoire du Littoral og under styret til departementet Gironde.

Île du Fort Paté er om lag 13 ha og var i 2006 privateigd. Øya har ei historisk festning bygd mellom 1685 og 1693. Han var ein del av det nasjonale festningsprogrammet til Vauban. Bygningen har ein oval form, er om lag 12 meter høg og hadde ein gong om lag 30 kanoner. Fort Paté i lag med Fort Médoc og festninga Blaye forsvarte elvemunningen og Bordeaux. Under Den franske revolusjonen vart fortet nytta som fengsel for prestar.

Île Verte, Île du Nord og Île Cazeau utgjer om lag 800 ha, og er ein stoppestad for trekkfuglar.

Île Margaux er 25 ha og i 2005 var 14 ha av ho dekte av vinranker, som er ein del av det verdskjende vinområdet Médoc.

Kjelder endre

  • Artikkel frå avisa 'Sud Ouest' 3. oktober 2006.