Emil Simonsen

Emil Anton Simonsen (2. januar 185212. juli 1897) var ein norsk handelsmann frå Måsøy. Han var stortingsmann for Høgre i tre valperiodar.

Emil Simonsen
Fødd2. januar 1852
Måsøya
Død12. juli 1897 (45 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkekjøpmann, politikar

Simonsen var son til ein handelsmann. Sjølv var han eit år i Russland for å lære seg russisk. Sidan var han styrar og etterkvart medeigar i handelsstaden Kjelvik, samt handelsstaden Kamøyvær i same heradet. Han var ordførar i Kjelvik frå 1878 til han døydde, på to år nær. Også forlikskommissær i mange år.

Simonsen representerte FinnmarkStortinget frå 1889 til -97. Han var permittert i 1894 frå 8. mars og heile 1897-sesjonen. Om sommaren same året døydde han under eit mellombels opphald i Hammerfest.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914