Sjå endemisk om artar som er endemiske

Endemi er eit omgrep innan epidemiologi om sjukdom eller sjukdomsframkallande emne som finst fast i eit visst område eller ei folkegruppe. Ein omtalar særleg infeksjonssjukdommar som endemiske, men omgrepet kan også brukast om sjukdommar som ikkje er smittsame. Der sjukdommar er endemiske opptrer dei heile tida eller med regelmessige mellomrom, og tala på tilfelle er nokså jamnt. Ordet er danna av gresk en, 'i', og demos 'folk'. Enzooti viser til det same høvet i dyrepopulasjonar. Om sjukdommen opptrer ein ny stad, eller sjukdomstilfella aukar i staden for å vera stabile, blir det kalla ein epidemi.

Endringar i miljøet, til dømes klimaendringar, og helsestell kan føra til at ein sjukdom blir eller sluttar å vera endemisk i eit område.[1] Malaria er til dømes endemisk i fleire tropiske og subtropiske område. Under regntider kan malariamyggen spreia seg og smitten i nye område, slik at ein får epidemiar.

I Noreg er sjukdommar som brennkoppar og vasskoppar endemiske. Sjukdommar som koppar og polio er utrydda, og tidlegare vanlege sjukdommar som meslingar, raude hundar og kusma er i ferd med ikkje å vera endemiske lenger takka vere vaksinasjonsprogram.

Kjelder endre

Fotnotar