Enlightened Rogues
Enlightened Rogues Studioalbum av The Allman Brothers Band | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | February 1979 | |
Innspelt | Desember 1978 til januar 1979 Criteria Studios (Miami, Florida) | |
Sjanger | Southern rock, countryrock, bluesrock | |
Lengd | 38:10 | |
Selskap | Capricorn / PolyGram | |
Produsent | Tom Dowd | |
The Allman Brothers Band-kronologi | ||
---|---|---|
Wipe the Windows, Check the Oil, Dollar Gas (1976) |
Enlightened Rogues | Reach for the Sky (1980)
|
Singlar frå Enlightened Rogues | ||
|
Enlightened Rogues er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Albumet vart produsert av Tom Dowd og gjeve ut i februar 1979 i USA på Capricorn Records og på PolyGram Records andre stader. The Allman Brothers Band hadde lagt ned bandet i 1976 etter mykje krangling og eskalerande dopmisbruk. Bandet vart splitta i forskjellige grupper - mellom anna Great Southern, Sea Level og The Gregg Allman Band. Gitaristen Dickey Betts tok kontakt med bandkollegaene sine i 1978 med tanke på å spele saman att. Etter at to av dei tidlegare medlemmane avslo, la dei til dei to nye medlemmane Dan Toler på gitar og David Goldflies på bass. Dei slo seg til i Sarasota i Florida, der dei øvde og skreiv songar for albumet hausten 1978.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | (Not Rated)[2] |
Robert Christgau | (C+) |
Bandet byrja innspelinga av Enlightened Rogues i desember og innspelinga strekte seg inn på nyåret Innspelinga fann stad i Criteria Studios i Miami i Florida med produsenten Tom Dowd, som arbeidde på tre tidlegare Allman Brothers-album. Gruppa budde i lag med utsyn over Biscayne Bay. Innspelinga gjekk fint og pynteleg for seg. Albumtittelen kom frå eit sitat frå den originale gitaristen Duane Allman som brukte å skildre bandet som «The world is made of two great schools, enlightened rogues and religious fools.»
Albumet selde godt i USA og nådde niandeplassen på albumlista og selde til gullplate. «Crazy Love» var den andre av tre topp 40-hittar bandet fekk, då han nådde ein 29. plass. Trass i dette gjekk Capricorn konkurs den hausten og The Allman Brothers gjekk over til Arista Records.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Crazy Love» | Dickey Betts | 3:44 |
2. | «Can't Take It With You» | Dickey Betts, Don Johnson | 3:33 |
3. | «Pegasus» | Dickey Betts | 7:31 |
4. | «Need Your Love So Bad» | John Mertis | 4:01 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Blind Love» | B.B. King, Jules Taub | 4:37 |
6. | «Try It One More Time» | Dickey Betts, David Goldflies | 5:04 |
7. | «Just Ain't Easy» | Gregg Allman | 6:06 |
8. | «Sail Away» | Dickey Betts | 3:34 |
Medverkande
endre- Gregg Allman - klaverspelar, vokal
- Dickey Betts - gitar, vokal
- Dan Toler - gitar[3]
- David Goldflies - bass
- Jaimoe - perkusjon, trommer
- Butch Trucks - perkusjon, trommer
Andre medverkande:
- Joe Lala - perkusjon (3, 5, 6)
- Bonnie Bramlett - korvokal (1)
- Jim Essery - munnspel (2, 4, 5, 7)
- John Lundahl - ekstra gitar (2)
- Mimi Hart - korvokal (8)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Enlightened Rogues» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce (2011). «Enlightened Rogues - The Allman Brothers Band | AllMusic». allmusic.com. Henta 12. september 2018.
- ↑ Swenson, John (2011). «The Allman Brothers Band: Enlightened Rogues : Music Reviews : Rolling Stone». Arkivert frå originalen 1. juli 2017. Henta 12. september 2018.
- ↑ Saulnier, Jason (27. april 2010). «Dan Toler Interview». Music Legends. Henta 12. september 2018.