Ericka Maria Thrash Engelstad (24. februar 194717. juli 2018)[1] var ein norsk arkeolog. Ho var professor ved Institutt for arkeologi og sosialantropologi ved Universitetet i Tromsø.[2]

Ericka Engelstad
Fødd24. februar 1947
USA
Død17. juli 2018
NasjonalitetNoreg
Områdearkeologi
Yrkearkeolog
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Norwegian Archaeological Review
Instituttet for sammenlignende kulturforskning
Alma materUniversity of Wisconsin

Engelstad hadde doktorgrad (ph.d.) i antropologi frå University of Wisconsin-Madison i USA frå 1980. Ho var tilsett ved Universitetet i Tromsø frå 1981, først ved Tromsø museum, og frå 1991 ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.[2] Ho hadde gjesteprofessorat ved universiteta i Cambridge, Berkeley og Uppsala.[2] I 2006 vart ho utnemnd til æresdoktor ved Uppsala universitet[3] og i 2012 til æresdoktor ved Göteborgs universitet.[4]

Det primære forskingsfeltet hennar var arkeologi over steinalderen, blant anna med vekt på bergkunst. Ho var vidare mykje oppteken av arkeologien som samfunnsvitskap, og då særleg kjønnsperspektivet.

Engelstad deltok i utgravingar og forskingsprosjekt i Finnmark (Alta-Kautokeinovassdraget, Iverfjord), Tysfjord, Karelen og Sør-Afrika.

Engelstad var redaktør for Norwegian Archaeological Review i perioden 1991-2001 og av KAN - Kvinner i Arkeologi i Noreg 1992-95. Ho var styremedlem i Instituttet for sammenlignende kulturforskning.

I 2005 redigerte ho (saman med Siri Gerrard) artikkelsamlinga Challenging situatedness. Gender, culture and the production of knowledge (Eburon).

Kjelder endre

  1. Dødsannonse i Nordlys 21. juli 2018.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Engelstad, Ericka» Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine., UiT Norges arktiske universitet. Lest 25. oktober 2015.
  3. «Filosofie hedersdoktorer», Uppsala universitet. Lest 25. oktober 2015.
  4. «Hedersdoktorer lyfter språk, litteratur och genus», Göteborgs universitet, Lest 25. oktober 2015.

Bakgrunnsstoff endre