Jerevan

(Omdirigert frå Erivan)

Jerevan er hovudstaden og den største byen i Armenia. Han ligg ved elva Hrazdan, og er det administrative, kulturelle og industrielle senteret i landet.

Jerevan
Երեւան
by
Jerevan med Ararat i bakgrunnen.
Flagg
Våpenskjold
Land  Armenia
Del av central Armenia
Høgd 989 m
Areal 227 km²
Folketal 1 052 754 (2022)
Grunnlagd 782 fvt.
Tidssone GMT (UTC+4)
 - Sommartid GMT (UTC+5)
Kart
Jerevan
40°10′53″N 44°30′52″E / 40.181388888889°N 44.514444444444°E / 40.181388888889; 44.514444444444
Wikimedia Commons: Yerevan

I dag har byen litt over éin million innbyggjarar i 2022.

Jerevan blir skrive Երեւան eller Երևան med armensk skrift, İrəvan på aserbajdsjansk og Ереван på russisk. Ein kan stundom skriva namnet som Erevan med latinske bokstavar, og byen er tidlegare blitt kalla Erebuni og Erivan.

Historie

endre

Soga om Jerevan går heilt tilbake til 700-talet fvt., då den urartuiske festninga Erebuni vart bygd i 782 fvt. Byen låg langs Silkevegen, den viktigaste handelsruta mellom Europa og Asia, og var derfor strategisk viktig. Jerevan har vore kontrollert av både arabarar, persarar og Det osmanske riket før Russland annekterte byen i 1828. Mellom 1917 og 1991 var byen ein del av Sovjetunionen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Jerevan