Erler
Erler er ei biologisk slekt Motacilla av tolv artar sporvefuglar som beitar insekt på bakken. Arten skogerle høyrer til ei anna og monotypisk slekt Dendronanthus, men er ein nær slektning innanfor same familien, og nokon gonger inkludert i slekta Motacilla. Saman med fleire slekter av piplerker dannar dei den biologiske familien erler og piplerker, Motacillidae. Det engelske fellesnamnet 'wagtail' skildrar eit karakteristisk rørsleåtferd innanfor slekta, vipping med halen. Erleartane hekkar i Afrika, Europa, Asia og litt inn Amerika - vestlegaste Alaska og austlegaste Grønland.
Erler | |
Skjorerle, Motacilla maderaspatensis. Foto frå Pune, Maharashtra, India Foto: Yogendra Joshi
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Passeroidea |
Familie: | Erlefamilien Motacillidae |
Slekt: | Erler Motacilla Linnaeus, 1758 |
Skildring
endreErler er små til mellomstore slanke, ofte fargerike songfuglar med lange til veldig lange halar, som dei vippar med ustanseleg. Kroppen er lang og slank, nakken kort og hovudet relativt lite og rundt. Nebbet er relativt tynnt og kvast. Beina er lange og slanke, føtene lange tær med meir eller mindre markert bakklo. Vengene har 10 handsvingfjører, den ytste P10, som er svært lita og smal, ligg skjult under den niande dekkfjøra som òg er ganske lita. Dei tre vengfjørene nærast kroppssida, kalla tertialfjørene, er kraftig forlengt og dekker over handsvingfjørene i stor grad, eller til og med heilt, når dei er folda saman.[1]
Fjørdrakta får auka kontrast i hekkedrakta, og viser i hovudsak svarte, kvite, gule eller grå parti. I vinterdrakt og juvenildrakt er fuglane vanlegvis mindre iaugefallande. Vengen viser vanlegvis klåre band eller felt, tertialfjørene er slåande kanta med kvitt. Dei ytre halefjørene er merkbart kvite. Oskeerle og bergerle syner ikkje ulikskap i fjørdrakt mellom kjønna, elles er det typiske med kjønnsdimorfisme i slekta ved at hoene har generelt bleikare farger og kontrast i fjørdrakta.
Kroppslengda inkludert stjerten ligg mellom 16,5 og opptil 24 centimeter. Linerla representerer dei 4-5 artane i det nedre storleiksområdet, medan skjorerle på det indiske subkontinentet er den største. Andre store erler er japanerle og afrikaerle.
Det er mågleg å plassere inn erleartane i tre kategoriar basert på generelle trekk i morfologien. Dei fleste artane i slekta passar inn i ei av desse gruppene etter draktmønster og lengd på halen: (1) «gule erler», (2) «vasserler» - grå og gule erler med tiltrekking til rennande vatn, og (3) «svart-kvite erler».[2]
- Gulerle, austgulerle, sitronerle og oskeerle utgjer gruppa «gule erler» har eit fellestrekk ved at halefjørene er kortare enn vengene. Gulbukerle liknar medlemmene av denne gule gruppa, men han har òg fleire funksjonar i fjørdrakta som minnar om dei to «vasserlene».
- «Vasserler» samlar vintererle og bergerle, begge har affinitet til raskt rennande vatn, gjerne bekker med steinar ved vegetasjon. Dei har lengre hale enn venger.
- Medlemmer av gruppa «svart-kvite erler» er japanerle, skjorerle, afrikaerle og mekongerle, og dessutan dei mange underartane av linerla i Eurasia med varierande fjørdrakt. Alle desse har område med svart-kvitt og grått i fjørdrakta. Lengda på halen er omtrent lik lengda på vengene.
Gruppene nemnt over representerer ikkje evolusjonære linjer.
Erler rører seg kontinuerleg på bakken, sporadisk gjer dei kort hopp eller raske sprang for åtak på byttedyr. Dei dreier hovudet konstant frå den eine sida til den andre, halen har vippande rørsler. Fluktbanen er bølgjeforma med seriar av kort fallande rørsle med samanfolda venger som følgjer etter ein periode av kraftige vengeslag med høg frekvens som gjev stigande høgd.
Framferda med vippande hale har vore dårleg forklart. Det har blitt foreslått at det kan skremme opp byttedyr. Nyare studium har i staden gjeve framlegg om at det kan vere eit signal om at dei er vaktsame,[3] noko som kan bidra til å demotivere potensielle predatorar.[4]
- Utbreiing og trekkeigenskapar
Erleartane hekkar i Afrika, Europa og Asia, der nokre er heilt eller delvis trekkfuglar. Ein art, austgulerle, hekkar òg på austsida av Beringsundet, i Alaska. Linerla hekkar så langt vest som på Aust-Grønland og på Island.
Artslista
endreMotacilla i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]
- Gulerle, Motacilla flava, Western Yellow Wagtail, Linné, 1758, (LC)
- Austgulerle, Motacilla tschutschensis, Eastern Yellow Wagtail, Gmelin, JF, 1789, (LC)
- Sitronerle, Motacilla citreola, Citrine Wagtail, Pallas, 1776, (LC)
- Oskeerle, Motacilla capensis, Cape Wagtail, Linné, 1766, (LC)
- Gulbukerle, Motacilla flaviventris, Madagascar Wagtail, Hartlaub, 1860, (LC)
- Vintererle, Motacilla cinerea, Gray Wagtail, Tunstall, 1771, (LC)
- Bergerle, Motacilla clara, Mountain Wagtail, Sharpe, 1908, (LC)
- Linerle, Motacilla alba, White Wagtail, Linné, 1758, (LC)
- Skjorerle, Motacilla maderaspatensis, White-browed Wagtail, Gmelin, JF, 1789, (LC)
- Japanerle, Motacilla grandis, Japanese Wagtail, Sharpe, 1885, (LC)
- Mekongerle, Motacilla samveasnae, Mekong Wagtail, Duckworth et al, 2001, (NT)
- Afrikaerle, Motacilla aguimp, African Pied Wagtail, Temminck, 1820, (LC)
Kjelder
endre- Per Alström, Krister Mild: Pipits and Wagtails of Europe, Asia and North America, Christopher Helm, London 2003, ISBN 0-7136-5834-7
- Referansar
- ↑ Alström et al, side 262
- ↑ Tyler, S. & Bonan, A. (2018). Pipits and Wagtails (Motacillidae) - Morphological Aspects In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 10. juni 2018
- ↑ Randler, C (2006). "Is tail wagging in white wagtails, Motacilla alba, an honest signal of vigilance?" Animal Behaviour 71 (5): 1089-1093
- ↑ Hasson, O. (1991). "Pursuit-deterrent signals: communication between prey and predator". Trends in Ecology & Evolution, 6:325-329.
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)