Vintererle
Vintererle er ein fugl i familien erler og piplerker.
Vintererle | |
Vintererlehann | |
Vintererlehoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av vintererle | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Erlefamilien Motacillidae |
Slekt: | Erler Motacilla |
Art: | Vintererle M. cinerea |
Vitskapleg namn | |
Motacilla cinerea |
Utsjånad
endreFuglen er slank og 17–20 cm lang. Oversida er blågrå, ved gumpen grøngul. Undersida er om sommaren lysande gul, om vinteren gulaktig til brunaktig. Den hekkande vaksne hannen har svart strupe. Andre fjørdrakter saknar den svarte strupen, og det gule kan vere oppblanda med kvitt unnateke i området under stjerten. Vintererla har liksom andre erler ein karakteristisk lang, vippande stjert. Stjerten er svart med gul underside og har kvite ytterfjør. Vintererla er den av erlene i Europa som har lengst stjert og ho vippar ofte med denne. Beina er lange. Flukta er jamn og bogeforma.
Læte
endreLæta er ein skarpare variant av linerla, eit hardt, metallisk "tsitsitt" eller "tsetsetse".
Utbreiing og taksonomi
endreArten hekkar i store delar av dei tempererte regionane i Europa og Asia og delar av det nordlege Afrika. Vintererla er standfugl i dei mildare delane av utbreiingsområdet, t.d. Vest-Europa, men de nordlege og storparten av dei austlege bestandane er trekkfuglar som har vinterkvarter i Europa, Afrika, Arabia, India, Søraust-Asia og Ny Guinea.
Underarter
endreVintererla vert delt opp i seks til sju underarter. Av desse er tre endemiske underarter som hekkar på ulike øyar.
- Motacilla cinerea cinerea inkl. M. c. caspica - hekkar i Europa og austover til Kaukasus og Iran, pluss i det nordvestlege Afrika.
- Motacilla cinerea patriciae - standfugl på Asorane.
- Motacilla cinerea schmitzi - standfugl på Madeira.
- Motacilla cinerea canariensis - standfugll på Kanariøyane.
- Motacilla cinerea melanope - hekkar i Ural og Afghanistan aust til området kring Amur.
- Motacilla cinerea robusta - hekkar på Kamtsjatka, kring kystane av Okhotskhavet, i Japan, Korea og Kina.
Vintererla hekkar fast først og fremst i lågareliggjande strok på Austlandet, med spreidde hekkefunn langs Sørlandet til Jæren og i Hordaland og Trøndelag. Nokre indikasjonar på hekking er også gjort i Troms og Finnmark. Ho likar seg best der vatnet sprutar. I Østfold ligg alle hekkelokalitetar under marin grense, der også leirjord er utbreidd. Vintererla er ein ny art i Europa. Første observasjon i Noreg vart gjort i 1874, og første hekkefunnet kom ved Oslo i 1919. Truleg ligg den norske hekkebestanden på 200-1000 par.[2]
Økologi
endreBiotop
endreVintererla held til ved raskt flytande elvestryk, om vinteren held dei seg gjerne ved sakteflytande elvar i låglandet.
Føde
endreFuglen livnærer seg av insekt som finst ved vatn - fluger, små biller, larvar av augestikkar, men også små krepsdyr og små blautdyr. Erla går gjerne der vatnet er grunt og plukkar i det i matjakta. Ho tek også flygande insekt.
Hekking
endreHoa bygg eit reir av mose og gras fora med hår. Reiret vert plassert mellom steinar eller klipper og ikkje sjeldan i dambygningar nær vatn. I blant brukar paret gamle reir til fossekall eller spesiallaga fuglekasser. Hoa legg 3-6 gråbrune flekkete egg som ho eller begge foreldra ruger i 12 til 14 dagar. Begge foreldra matar ungane i om lag 12 døgn til dei er flygedyktige. Ofte får paret to kull per sesong.
Trekktilhøve
endreI Noreg er vintererla stort sett trekkfugl, men somme individ overvintrar. Fuglane kjem attende litt tidlegare enn linerlene, som ofte ruger ved dei same elvane. Dei trekkande vintererlene flyg ut av landet i september-oktober.
Kjelder
endre- Svensk wikipedia.
- Norsk Fugleatlas, 1994.
- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av vintererle Motacilla cinerea for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022.