Erna er eit kvinnenamn av norrønt eller gammalhøgtysk opphav. Det kan vera ei avleiing av Ernst, som ei kortform av kvinneleg form som Ernestine eller Ernesta, eller ei anna form for Arna, som også kan stavast Ärna.

Telegram frå Erna til Max Brauer.
Erna Solberg er ein kjend norsk namneberar.

Erna har namnedag den 2. mars.

Tyding og mytologi endre

Ernst kjem frå gammalhøgtysk ernust, 'alvor'. Arna er ei kvinneleg form av Arne, som kjem frå norrønt ari eller gammalhøgtysk aro, 'ørn'.

I den norrøne Rigsthula er Erna namnet på kvinna som blir gift med Heimdall sin son Jarl og gjev opphav til jarlane.

Bruk endre

Erna er særleg utbreidd som namn på Island og i Tyskland.

I Noreg var namnet mest brukt i første halvdel av 1900-talet. Det var særleg populært frå rundt 1925 til noko etter 1930, då over 0,6 % av nyfødde jenter fekk namnet. Ein topp kom rundt 1920, då 0,8 % fekk namnet.

I 2009 var det 3 239 norske kvinner som heitte Erna.

Namneberarar endre

Kjelder endre