Ernst
Ernst er eit mannsnamn av gammalhøgtysk opphav. Det kjem frå ordet ernust, som tyder 'alvor'. Ernst er òg eit slektsnamn.
Det finst fleire andre namneformer, som fransk-engelsk Ernest, engelsk Earnest, italiensk og spansk Ernesto, sorbisk og tsjekkisk Arnošt og ungarsk Erneszt. Erni, Ernie og Ernö er kortformer. Ernesta, Ernestine og Erna er kvinnelege former av namnet.
Bruk
endreErnst er utbreidd i Tyskland, der det særleg blei brukt ved byrjinga av 1900-talet. Også i Noreg blei namnet mest gjeve tidleg på 1900-talet. Frå ca. 1890 til ca. 1905 og frå ca. 1915 til ca. 1945 fekk over 0,15 % av nyfødde gutar namnet Ernst. Etter 1945 gjekk bruken jamnt nedover, og ved slutten av hundreåret var det blitt svært uvanleg.
I 2009 var det 1 691 norske menn som heitte Ernst.
Namneberarar
endre- Ernst I av Sachsen-Gotha (1601–1675), saksisk greve
- Ernst Henrich Berling (1708–1750) , tysk/dansk avismann, grunnla Berlingske Tidende
- Ernst Gideon von Laudon (1717-1790), austerriksk adelsmann
- Ernst Theodor Amadeus Hoffmann (1776–1822), tysk jurist og forfattar kjend som E.T.A. Hoffmann
- Ernest Renan (1823-1892), fransk filosof
- Ernesto Moneta (1833-1918), italiensk fredsprisvinnar
- Ernst Haeckel (1834-1919), tysk biolog og filosof
- Ernst Sars (1835-1917), norsk politikar
- Ernst Abbe (1840–1905), tysk fysikar og astronom
- Ernest Rutherford, (1871–1937), newzealandsk fysikar
- Ernest Shackleton (1874-1922), britisk polfarar
- Ernest Bevin (1881-1951), britisk politikar
- Ernst Gräfenberg (1881–1957), tysk gynekolog
- Ernst Bloch (1885-1977), tysk marxistisk tenkjar
- Ernst Thälmann (1886-1944), tysk politikar
- Ernst Rolf (1891–1932), svensk skodespelar og songar
- Ernst Lubitsch (1892–1947), tysk-amerikansk filminstruktør
- Ernst Jünger (1895–1998), tysk forfattar
- Ernst Orvil (1898–1985), norsk diktar
- Ernest Hemingway (1899–1961), amerikansk forfattar, fekk Nobelprisen i litteratur.
- Ernst Mayr (1904–2005), tysk-amerikansk biolog
- Ernst von Glasersfeld (f. 1917), tysk filosof
- Ernst Haefliger (1919–2007), sveitsisk tenor
- Ernesto «Che» Guevara (1928–1967), argentinsk revolusjonær
- Ernst-Hugo Järegård (1928–1998), svensk skodespelar
- Ernst Fuchs (f. 1930), austerriksk målar
- Ernst Baasland (f. 1945), norsk teolog
- Ernst Moe (f. 1951), norsk førstebyfogd og forfattar
- Ernst-Wiggo Sandbakk (f. 1957), norsk jazzmusikar
- Ernst Vettori (f. 1964), austerriksk skihoppar
Etternamn
endre- Otto Ernst (1862–1926), tysk forfattar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ernst» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mars 2009.