Espanolaspottefugl

art av sporvefuglar
Espanolaspottefugl
Espanolaspottefugl Foto: Wikimedia-brukar Benjamint444
Espanolaspottefugl
Foto: Wikimedia-brukar Benjamint444
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Espanolaspottefugl
Utbreiinga av Espanolaspottefugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Spottefuglar Mimidae
Slekt: Mimus
Art: Espanolaspottefugl M. macdonaldi
Vitskapleg namn
Mimus macdonaldi

Espanolaspottefugl (Mimus macdonaldi) er ein spottefugl i familien Mimidae. Han er endemisk for Española, ei av Galápagosøyane i Ecuador. Han er ein av fire nært nærskylde spottefuglartar som er endemiske til øygruppa. Espanolaspottefuglar lever i tørre biotopar og er altetande, sjølv om dei først og fremst er ein predator eller åtseletar. Arten har ein høg territorial sosial struktur og har ikkje frykt for menneske. Han er den einaste spottefuglarten på Galápagos som Charles Darwin ikkje observerte eller samla på reisa med HMS «Beagle».[1]

Skildring endre

Dette er den største spottefuglarten på Galápagosøyane, 25,5-28 centimeter i kroppslengd og gjennomsnittsvekt på 65 og 76 gram for høvesvis hoer og hannar. Kjønna er elles like. I likskap med andre spottefuglartar på øygruppa, har denne arten ein marmorert grå og brun fjørdrakt med ein lys, nær kvit buk med uklåre bruke markeringar på brystet og på flankane. Ein lang hale og lange bein gjev fuglen den karakteristiske utsjånaden. Arten har eit svært langt og nedbøygd, tynt nebb, egna til å flytte på sjøfuglegg, faktisk har han det største nebbet av alle spottefuglar på øygruppa.[2] Spottefuglane på Galápagos er mest knytt til bahamasspottefugl (Mimus gundlachii), og andre artar i Karibia og Mellom-Amerika, trass nærare geografisk nærleik til langhalespottefugl på fastlandet.[3]

Det naturlege habitatet er tørr, kystnær krattskog, vegetasjon med spreidde trevekstar, inkludert treliknande kaktusar.[2]

Espanolaspottefugl har altetande kosthald, men er først og fremst ein predator på smådyr og ein åtseletar. Dei vil ete skadde sjøfuglegg, og kan opne egg med det kraftige nebbet.[4] Dessutan kan dei ete frå døydde dyr og åtsel lagt ned av andre rovdyr, som galápagoshauk. Nokre gonger kan dei ta for seg av blod frå opne sår hos sjøløver og frå iguanar, og elles kor det er tilgjenge på blod. Dei kan òg plukke midd frå både landiguanar og sjøiguanar.[2]

Fuglen kan virke nysgjerrig, og har ingen naturleg frykt for menneske.[5]

Fuglane har ein sterk sosial struktur organisert i familiegrupper. Som svært territoriale, vil fuglane samarbeide i jakta innanfor området sitt og dessutan forsvare det mot andre grupper. Lågare rangerte medlemmar av gruppa bidrar til å hjelpe med omsut for nye ungekull.[5]

Espanolaspottefugl er kategorisert som sårbar i naturen av Birdlife International, hovudsakleg på grunn av det avgrensa utbreiingsområdet. Den skjøre økosystemet og høg risiko for ugunstige vêrforhold gjer arten spesielt utsett for nedgang i populasjonen. Det er anslått at det er 600-1700 individ igjen i naturen.[6]

Kjelder endre

Referansar
  1. Tebbich, Sabine; Taborsky, Michael; Fessl, Birgit; Blomqvist, Donald (7. november 2001). «Do woodpecker finches acquire tool-use by social learning?». Proceedings of the Royal Society of London. Series B: Biological Sciences 268 (1482): 2189. doi:10.1098/rspb.2001.1738. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Cody, M. (2017) Española Mockingbird (Mimus macdonaldi) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. mars 2017
  3. Arbogast, B.; Drovetski, S.; Curry, R.; Boag, P.; Seutin, G.; Grant, P.; Grant, B. & Anderson, D. (2006). «The Origin and Diversification of Galapagos Mockingbirds». Evolution 60 (2): 370–82. PMID 16610327. doi:10.1554/03-749.1. 
  4. Harris, M. P. (1968). «Egg-eating by Galápagos mockingbirds» (PDF). Condor 70 (3): 269–70. doi:10.2307/1366702. 
  5. 5,0 5,1 «Hood mockingbird videos, photos and facts - Mimus macdonaldi». ARKive. Arkivert frå originalen 13. mars 2017. Henta 12. mars 2017. 
  6. BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus macdonaldi Arkivert 2016-08-11 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. mars 2017

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Espanolaspottefugl