Essex
(Omdirigert frå Essex i England)
Essex er eit grevskap i England. Det ligg i Aust-England, og grensar mot Stor-London, Hertfordshire, Cambridgeshire, Suffolk og Kent. Sistnemnde grense er definert i midten av Themsen. Namnet kjem frå det angelsaksiske kongedømmet Essex, riket til austsaksarane. Administrasjonsbyen er Chelmsford.
Essex | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap |
Opphav | Historisk |
Region | Aust-England |
Areal | 3 670 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
1 712 200 466,5 /km² |
Etnisitet | 96,8 % kvite 1,2% sørasiatiske |
Distrikt | |
![]()
|
Det seremonielle grevskapet består av dei tolv distrikta i det administrative, pluss dei to myndigheitene Thurrock og Southend-on-Sea, som fekk sjølvstyre i 1998. Fram til 1965 inkluderte grevskapet også distrikta Havering, Barking and Dagenham, Redbridge, Waltham Forest og Newham, som i dag er ein del av Stor-London.