Exxon Mobil
Exxon Mobil Corporation eller ExxonMobil (NYSE: XOM), er eit internasjonalt oljeselskap med hovudkvarter i Irving i Texas i USA. Selskapet er nå eit av dei fire største på verdsbasis. I november 1999 fusjonerte dei tidlegare amerikanske oljeselskapa Exxon og Mobil. ExxonMobil er eit morselskap til ei rad Exxon, Mobil og Esso dotterselskap i verda. Konsernleiar i ExxonMobil er frå 2006 Rex Tillerson.
Exxon Mobil | |
![]() | |
![]() | |
Selskapsform | corporation ![]() |
---|---|
Skipa | 30. november 1899 |
Dotterselskap | Imperial Oil, ExxonMobil Australia, XTO Energy, ExxonMobil Chemical, ExxonMobil Research and Engineering, ExxonMobil (Canada), ExxonMobil (United Kingdom), German-American Petroleum Company, Mineralöl-Raffinerie vorm. Aug. Korff, ExxonMobil Refining and Supply Company, ExxonMobil Fuels, Lubricants & Specialties Marketing Company, ExxonMobil Fuels & Lubricants Company, Forbes Travel Guide ![]() |
Eigar | The Vanguard Group, State Street Corporation, BlackRock, The Vanguard Group, BlackRock ![]() |
Bransje | petroleumsverksemd |
Land | USA ![]() |
Hovudkontor | Irving i Texas ![]() |
Adm. direktør | Rex Tillerson, Darren Woods, Lee Raymond |
Tilsette | 73 500 ±250, 74 900, 71 000, 69 600, 71 100 ![]() |
Resultat | 55 740 000 000 US-dollar ![]() |
ExxonMobil i Noreg er representert ved dotterselskapa
- Esso Norge AS,
- ExxonMobil Exploration and Production Norway AS og
- ExxonMobil Production Norway Inc
Oppgåvene er
- Raffinering - ved raffineriet på Slagentangen utanfor Tønsberg
- Marknadsføring og distribusjon, frå kontoret i (Oslo)
- Leiting og utvinning av naturgass og råolje på norsk kontinentalsokkel. Hovudkontor for norsk offshore- verksemd ligg på Forus i Sandnes kommune
- Forvalting av selskapet sine rettar på norsk sokkel, forvalta av hovudkontoret på Forus i Sandnes
ExxonMobil er mellom dei tre største føretaka på den norske marknaden for oljeprodukt.
Raffineriet på Slagentangen har meir enn ein tredel av raffinerikapasiteten i landet og kan årleg handsama meir enn 40 millonar fat tilsvarande om lag 6,6 millionar Sm³ eller om lag 5,6 millionar tonn råolje. Til samanlikning vert kapasiteten ved raffineriet på Mongstad rekna å vera om lag 10 millionar tonn råolje for året.
ExxonMobil i Noreg har rettar i produksjonslisensar som gjev eigardelar av petroleumsutvinninga på 24 ulike felt på norsk sokkel. Selskapet sine største volumandelar av attverande olje ligg i Balderfeltet, Granefeltet, Snorrefeltet og Statfjordfeltet. Selskapet har operatøransvar på Balderfeltet. Det tidlegare Mobil i Noreg var kjend for å ha oppdaga og bygd ut Statfjordfeltet. Operatøransvaret for Statfjordfeltet vart overført til Statoil i 1987.
Andel av totale reservar på norsk sokkel er pr 1. januar 2005 107,6 millionar Sm³ olje og 98,4 mrd Sm³ gass. Delen tilsvarar 8,9 % av oljereservene og 3,7 % av gassreservane på sokkelen. ExxonMobil sin del av oljeproduksjonen på sokkelen var i 2004 om lag 15,6 millionar Sm³.
Alle tal for petroleumsreservar er i fylgje Oljedirektoratet.