Exxon Mobil
Exxon Mobil Corporation eller ExxonMobil (NYSE: XOM), er eit internasjonalt oljeselskap med hovudkvarter i Irving i Texas i USA. Selskapet er nå eit av dei fire største på verdsbasis. I november 1999 fusjonerte dei tidlegare amerikanske oljeselskapa Exxon og Mobil. ExxonMobil er eit morselskap til ei rad Exxon, Mobil og Esso dotterselskap i verda. Konsernleiar i ExxonMobil er frå 2006 Rex Tillerson.
Exxon Mobil | |||
![]() | |||
![]() | |||
Bransje | Petroleumsverksemd | ||
---|---|---|---|
Skipa | 30. november 1899 | ||
Eigar | BlackRock,[1] BlackRock | ||
Eigenandel i | Esso | ||
Hovudkontor | Irving i Texas | ||
Land | USA[2] | ||
Produkt | bensin, smøremiddel | ||
Grunnleggjar(ar) | John D. Rockefeller | ||
Adm.dir. | Rex Tillerson (2006), Lee Raymond (1999) | ||
Salsinntekter | 34 082 000 000 USA-dollar (2014) | ||
Omsetnad | 34 082 000 000 USA-dollar (2014) | ||
Resultat | 55 740 000 000 USA-dollar (2022)[3] | ||
Marknadsverdi | 366 980 000 000 USA-dollar (2017), 468 367 000 000 | ||
Nettstad | https://corporate.exxonmobil.com (engelsk) |

ExxonMobil i Noreg er representert ved dotterselskapa
- Esso Norge AS,
- ExxonMobil Exploration and Production Norway AS og
- ExxonMobil Production Norway Inc
Oppgåvene er
- Raffinering - ved raffineriet på Slagentangen utanfor Tønsberg
- Marknadsføring og distribusjon, frå kontoret i (Oslo)
- Leiting og utvinning av naturgass og råolje på norsk kontinentalsokkel. Hovudkontor for norsk offshore- verksemd ligg på Forus i Sandnes kommune
- Forvalting av selskapet sine rettar på norsk sokkel, forvalta av hovudkontoret på Forus i Sandnes
ExxonMobil er mellom dei tre største føretaka på den norske marknaden for oljeprodukt.
Raffineriet på Slagentangen har meir enn ein tredel av raffinerikapasiteten i landet og kan årleg handsama meir enn 40 millonar fat tilsvarande om lag 6,6 millionar Sm³ eller om lag 5,6 millionar tonn råolje. Til samanlikning vert kapasiteten ved raffineriet på Mongstad rekna å vera om lag 10 millionar tonn råolje for året.
ExxonMobil i Noreg har rettar i produksjonslisensar som gjev eigardelar av petroleumsutvinninga på 24 ulike felt på norsk sokkel. Selskapet sine største volumandelar av attverande olje ligg i Balderfeltet, Granefeltet, Snorrefeltet og Statfjordfeltet. Selskapet har operatøransvar på Balderfeltet. Det tidlegare Mobil i Noreg var kjend for å ha oppdaga og bygd ut Statfjordfeltet. Operatøransvaret for Statfjordfeltet vart overført til Statoil i 1987.
Andel av totale reservar på norsk sokkel er pr 1. januar 2005 107,6 millionar Sm³ olje og 98,4 mrd Sm³ gass. Delen tilsvarar 8,9 % av oljereservene og 3,7 % av gassreservane på sokkelen. ExxonMobil sin del av oljeproduksjonen på sokkelen var i 2004 om lag 15,6 millionar Sm³.
Alle tal for petroleumsreservar er i fylgje Oljedirektoratet.
Sjå òg endre
Kjelder endre
- ↑ https://corporate.exxonmobil.com/-/media/Global/Files/investor-relations/annual-meeting-materials/proxy-materials/2020-Proxy-Statement.pdf; utgjevingstidspunkt: 2020.
- ↑ https://www.grid.ac/institutes/grid.421234.2; GRID; GRID-identifikator: grid.421234.2; vitjingsdato: 25. juni 2020.
- ↑ https://www.sec.gov/Archives/edgar/data/0000034088/000003408823000020/xom-20221231.htm; utgjevingstidspunkt: 22. februar 2023.