Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken
(Omdirigert frå Estiske sosialistiske sovjetrepublikk)
Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken var ein delrepublikk i Sovjetunionen frå 1940–1991. Delrepublikken vart proklamert etter at Sovjet okkuperte Estland i 1940. Under okkupasjonen vart den estiske byen Petseri og Petseri fylke annektert i 1944 og lagt inn under Pskov oblast. Hovudstaden i republikken var Tallinn, som i dag er hovudstaden i Estland.
Eesti Nõukogude Sotsialistlik Vabariik Эстонская Советская Социалистическая Республика Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken | |||||
Marionettstat, så annektert som ein SSR | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Motto "Kõigi maade proletaarlased, ühinege!" («Proletarar i alle land, samein dykk!») | |||||
Nasjonalsong «Jää kestma, Kalevite kange rahvas» | |||||
Hovudstad | Tallinn | ||||
Språk | Russisk (de jure) Estisk (de facto) | ||||
Styreform | Sovjetrepublikk | ||||
- 1986-1991 | Karl Vaino | ||||
Historie | |||||
- Oppretta | 21. juli 1940 | ||||
- Opphøyrde | 20. august 1991 | ||||
Areal | |||||
- 1991 | 45 227 km² | ||||
Innbyggjarar | |||||
- 1991 est. | 1 565 662 | ||||
Folketettleik | 34,6 /km² | ||||
Valuta | Rubel (SUR) |
Industri
endreDen estiske sovjetrepublikken var eit lite senter for lettindustri og ferdigprodusering av metall frå resten av Sovjetunionen, då Estland er fattig på mineralressursar. Mindre industri fanst i byen Narva ved den russiske grensa. Her vart det utvunne oljeskifer, som seinare vart smelta for å utvinna olje.