Eugene Wigner (fødd 17. november 1902 i Budapest i Austerrike-Ungarn, død 1. januar 1995 i Princeton i New Jersey) var ein ungarsk-amerikansk fysikar og matematikar.

Eugene Paul Wigner

Eugene Paul Wigner
Fødd17. november 1902
Budapest, Austerrike-Ungarn
Død1. januar 1995 (92 år)
Princeton, New Jersey, USA
BustadUSA
StatsborgarskapAmerikansk (etter 1937)
Ungarsk (før 1937)
NasjonalitetUngarn, USA
OmrådeTeoretisk fysikk
Atomfysikk
Kjernefysikk
Faste tilstanders fysikk
Yrkematematikar, fysikar, universitetslærar, teoretisk fysikar, kjernefysiker
InstitusjonarUniversity of Göttingen
University of Wisconsin–Madison
Princeton University
Manhattanprosjektet
Alma materTechnische Universität Berlin
DoktorgradsrettleiarMichael Polanyi
DoktorgradsstudentarJohn Bardeen
InfluerteGeorge Cowan
Robert Serber
UtmerkingarEnrico Fermi-prisen (1958)
Max Planck-medaljen (1961)
Nobelprisen i fysikk (1963)
National Medal of Science (1969)
EktefelleAmelia Frank, Mary Annette Wheeler, Eileen Clare-Patton Hamilton
BarnDavid Wheeler Wigner
MedlemRoyal Society
Det ungarske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
National Academy of Sciences

Nobelprisen

Nobelprisen i fysikk
1963

Frå 1930 til 1933 var han professor i teoretisk fysikk i Göttingen i Tyskland, og frå 1938 til 1971 ved Princeton University i USA. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1963 «for bidraga hans til teorien om atomkjerne og elementærpartiklar, særleg gjennom oppdagainga si og bruken av grunnleggjande symmetri-prinsippa». Dette var eine halvdelen av prisen. Den andre halvdelen vart gjeve til Maria Goeppert-Mayer og J. Hans D. Jensen. Prinsippet han fekk prisen for vart utvikla av han i 1930-åra, og har vist seg å vere av fundamental tyding i kjerne- og elementærpartikkelfysikken. Under andre verdskrigen var Wigner knytt til University of Chicago og arbeidde med utvikling av ein kjernereaktor i samband med Manhattan-prosjektet. I 1946–47 var han forskingsdirektør for Oak Ridge National Laboratory. Han har utført viktige arbeid innan reaktorfysikk og bruk av kjerneenergi ved sidan av studia sine av gruppeteori og symmetri innan teoretisk fysikk.

Kjelder

endre