Eulalia av Mérida

Eulalia av Mérida (Olalla, Aulaire, kring 29210. desember 304) var ei romersk kristen jente frå i Mérida i noverande Spania som ifølgje nokre opplysingar leid martyrdøden under kristendomsforfølginga til keisar Diokletian, og etter andre under keisar Decius (249–251). Ho blir æra som helgen i den katolske kyrkja, og er vernehelgen for Mérida, Oviedo og Totana. Minnedagen hennar er 10. desember.

Sankta Eulalia av Mérida

Fødd290
FødestadEmerita Augusta
Daud10. desember 304
DødsstadEmerita Augusta
Helgendag10. desember

Liv endre

Eulalia var fødd i ein fornem kristen familie i Mérida, og byrja tidleg å via seg bøn og meditasjon. Ho hadde høyrt om dei kristne martyrane i Roma, og lengta etter å bli som desse.

Då Eulalia var 12 år søkte ho ifølgje hagiografien opp den romerske statthaldaren i Mérida (dåvarande Emerita Augusta), og tilstod trua si på Jesus Kristus. Romerske soldatar byrja då å torturera jenta, mellom anna gjennom å hogga med kjøtkrokar i kroppen hennar. Ho blei deretter kasta naken ut på gata. Brysta hennar var skorne bort. Ifølgje ei legende skal då snø ha falle for å dekka til den nakne, skadde kroppen hennar. Til slutt blei ho brunnen på bål. Ei kvit due openberra seg frå henne

På staden der ho blei gravlagd i Mérida blei det reist ein basilika, La Basilica de Santa Eulalia, allereie under keisar Konstantin den store på 300-talet. Denne blei til eit pilegrimsmål. Kring 350 blei det populært å æra Eulalia som martyr og helgen.[1] Ho må ha blitt kanonisert tidleg, før ein byrja føra nøyaktig helgendokumentasjon og den heilage stolen tok over kanoniseringa frå lokale kyrkjeleiarar.[1] Det som blir oppgitt å vera relikviane hennar er blitt flytta rundt i Spania for å få dei unna fiendtlege styrkar i samband med det muslimske styret. I 780 kom dei til Oviedo, der dei er i dag.

I kulturen endre

Aurelius Prudentius (348-405) skreiv eit hyllingsdikt over Eulalia (saman med 13 andre helgenar) i samlinga si Peristephanon, Hymnus in honorem passionis Eulaliæ beatissimæ martyris.

Séquence de Sainte Eulalie, Eulalia-sekvensen, er ein hagiografi på 29 vers frå kring år 880, skriven på eldre fransk (langue d'oïl).

Kjelder endre

  • Farmer, David Hugh, The Oxford Dictionary of Saints. 3rd ed. Oxford: Oxford University Press 1992. ISBN 0-19-283069-4
  • The Book of Saints: A Dictionary of Servants of God. 6th ed. London: Cassell 1994. ISBN 0-304-34357-9

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Collins, Roger (1998) Spain: An Oxford Archaeological Guide. Oxford: Oxford University Press. s.199

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Eulalia av Mérida