Europameisterskapen på skeiser 1963

Europameisterskapen på skeiser 1963 vart avvikla på Nya Ullevi i Göteborg i Sverige helga 2. og 3. februar 1963. 38 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Dei norske utøvarane var Knut Johannesen, Fred Anton Maier, Per Ivar Moe, Magne Thomassen og Nils Aaness. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Aust-Tyskland, Danmark, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Sovjetunionen, Storbritannia, Sveits, Sverige, Ungarn, Vest-Tyskland.

Nils Aaness frå Noreg vart europameister, på dei neste tre plassane kom landsmennene Knut Johannesen, Per Ivar Moe, Magne Thomassen. Boris Stenin frå Sovjetunionen fekk bestetid på både 500 m og 1500 m, Knut Johannesen var bestemann på 5 000 m og svenske Jonny Nilsson vann milløpet.

Skeise-EM 1963Endra

 
Nils Aaness med laurbærkransen
Plass Utøvar Land Poeng
  Nils Aaness   Noreg 183,747
  Knut Johannesen   Noreg 184,602
  Per Ivar Moe   Noreg 185,072
4 Magne Thomassen   Noreg 185,405
5 Boris Stenin   Sovjetunionen 185,585
6 Ivar Nilsson   Sverige 185,845
7 Jonny Nilsson   Sverige 186,233
8 Rudie Liebrechts   Nederland 186,848
9 Günther Traub   Vest-Tyskland 187,818
10 Fred Anton Maier   Noreg 188,203
11 Jouko Launonen   Finland 189,115
12 Eduard Matusevitsj   Sovjetunionen 189,153

Dato: 2./3. februar 1963

KjelderEndra