Europameisterskapen på skeiser 1964

Europameisterskapen på skeiser 1964 vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 18. og 19. januar 1964. 31 utøvarar frå 11 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Dei norske utøvarane var Knut Johannesen, Fred Anton Maier, Per Ivar Moe, Svein Erik Stiansen og Magne Thomassen. Deltakarane elles kom frå Aust-Tyskland, Danmark, Finland, Frankrike, Nederland, Sovjetunionen, Storbritannia, Sverige, Ungarn, Vest-Tyskland.

Ants Antson frå Sovjetunionen vart europameister framom lagkameraten Jurij Jumasjev, norske Per Ivar Moe kom på tredjeplass. Antson vann også 1500-meteren, medan norske Magne Thomassen fekk bestetid på 500 m og Knut Johannesen gjekk fortast både på 5 000 m og 10 000 m.

Skeise-EM 1964Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Ants Antson   Sovjetunionen 180,842
  Jurij Jumasjev   Sovjetunionen 180,948
  Per Ivar Moe   Noreg 181,143
4 Knut Johannesen   Noreg 181,288
5 Rudie Liebrechts   Nederland 182,608
6 Magne Thomassen   Noreg 183,319
7 Eduard Matusevitsj   Sovjetunionen 183,537
8 Fred Anton Maier   Noreg 183,633
9 Günther Traub   Vest-Tyskland 185,107
10 Jonny Nilsson   Sverige 185,405
11 Terry Malkin   Storbritannia 185,592
12 Kees Verkerk   Nederland 185,882

Dato: 18./19. januar 1964

KjelderEndra