Europameisterskapen på skeiser 1972/Menn

Europameisterskapen på skeiser 1972 fann stad i Davos i Sveits laurdag 22. og sundag 23. januar 1972. 32 utøvarar frå 13 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Dei norske utøvarane var Dag Fornæss, Roar Grønvold, Willy Olsen, Sten Stensen og Magne Thomassen. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Polen, Sovjetunionen, Storbritannia, Sveits, Sverige, Vest-Tyskland.

Ard Schenk frå Nederland vart europameister, med god margin til andremann, nordmannen Roar Grønvold. Schenk vann dei tre fyrste distansane, landsmannen Kees Verkerk fekk bestetid på 10 000-meteren.

Skeise-EM 1972Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Ard Schenk   Nederland 169,702
  Roar Grønvold   Noreg 170,647
  Jan Bols   Nederland 170,771
4 Kees Verkerk   Nederland 171,520
5 Dag Fornæss   Noreg 171,752
6 Sten Stensen   Noreg 171,878
7 Göran Claeson   Sverige 172,280
8 Eddy Verheijen   Nederland 172,686
9 Valerij Lavrusjkin   Sovjetunionen 174,877
10 Willy Olsen   Noreg 175,109

Dato: 22./23. januar 1972

KjelderEndra