Europameisterskapen på skeiser 1991

Europameisterskapane på skeiser 1991 for menn og for kvinner vart avvikla på Zetra-bana i Sarajevo i dåverande Jugoslavia frå fredag 18. og til sundag 20. januar. 31 menn og 22 kvinner frå 14 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Sovjetunionen, Storbritannia, Sveits, Tsjekkoslovakia, Tyskland og Ungarn.

Noreg stilte med fire menn: Geir KarlstadJohann Olav Koss, Ådne Søndrål, Thor Olav Tveter, og tre kvinner: Siw Sviggum, Anette Tønsberg og Else Ragni Yttredal. Koss vart europameister for fyrste gong, Karlstad kom på sjetteplass, medan Tveter og Yttredal begge vart nummer 12.

Johann Olav Koss sikra seg laurbærkransen med stor margin, fire nederlendarar kom på dei neste plassane. Koss fekk bestetid på dei to lengste distansane, medan]Leo Visser vann 1500 meter og Sovjetunionens Nikolaj Guljajev 500 meter. Gunda Kleemann, som no representerte det samla Tyskland, var suverent beste av kvinnene. Ho vann dei tre lengste distansane, Sovjetunionens Natalja Polozjkova gjekk snøggaste 500-meteren.

Skeise-EM 1991, mennEndra

Plass Utøvar Land Poeng
  Johann Olav Koss   Noreg 162,173
  Leo Visser   Nederland 163,134
  Bart Veldkamp   Nederland 163,498
4 Ben van den Burg   Nederland 165,555
5 Thomas Bos   Nederland 166,097
6 Geir Karlstad   Noreg 166,562
7 Peter Adeberg   Tyskland 167,153
8 Ildar Garajev   Sovjetunionen 167,170
9 Markus Tröger   Tyskland 167,257
10 Roberto Sighel   Italia 167,917
11 Jaromir Radke   Polen 168,473
12 Thor Olav Tveter   Noreg 169,352

Dato: 18./20. januar

Skeise-EM 1991, kvinnerEndra

Plass Utøvar Land Poeng
  Gunda Kleemann   Tyskland 173,945
  Heike Schalling   Tyskland 177,300
  Yvonne van Gennip   Nederland 180,512
4 Emese Hunyady   Austerrike 180,786
5 Svetlana Bojko   Sovjetunionen 180,856
6 Natalja Polozjkova   Sovjetunionen 181,036
7 Ulrike Adeberg   Tyskland 181,595
8 Ljudmila Prokasjeva   Sovjetunionen 181,910
9 Elena Belci   Italia 182,358
10 Carla Zijlstra   Nederland 182,671
11 Mihaela Dascălu   Romania 183,295
12 Else Ragni Yttredal   Noreg 183,399

Dato: 18./20. januar

KjelderEndra