Evenes kommune

kommune i Nordland fylke i Norge
(Omdirigert frå Evenes)

Evenes kommune (nordsamisk: Ránda suohkan eller Evenášši suohkan) er ein kommune i Ofoten i Nordland fylke. Kommunen grensar mot Tjeldsund kommune i Troms i nord og i vest, og mot Narvik kommune i aust. Kommunesenteret heiter Bogen.

Evenes kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Bogen
Areal 252,78 km²
 - land 242,14 km²
 - vatn 10,64 km²
Folketal 1 330  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Terje Bartholsen[1] (Ap)
Kommunenr. 1853
Kart
Evenes kommune
68°32′00″N 16°55′00″E / 68.533333°N 16.916667°E / 68.533333; 16.916667
Wikimedia Commons: Evenes
Nettstad: www.evenes.kommune.no

Kommunevåpenet, som blei godkjend i 1990, viser eit hjul i sølv mot raud bakgrunn. Dette viser til Evenes som kommunikasjonssenter.[2]

Næringsliv og transport endre

Industrien i kommunen er «beskjeden», ifølgje Store Norske Leksikon.[2] Han ligg først og fremst i Bogen, med metallvareindustri som den viktigste bransjen. Servicenæringane har fått eit oppsving etter at lufthamna i byen opna i 1973, og då Forsvaret etablerte ein militær flystasjon her. I 2014 omfatta transportsektoren 24 prosent av arbeidsplassane i kommunen, og Evenes hadde den klart største delen i denne næringen blant kommunane i Nordland.[2]

Flyplassen Harstad/Narvik lufthamn, Evenes ligg i kommunen. Evenes flystasjon er ein militærbase.

Tettstader i kommunen endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Paulsen, Ivar (8. oktober 2019). «Bartholsen er ny ordfører i Evenes». ht.no (på norsk bokmål). Henta 10. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Thorsnæs, Geir (2. november 2017). «Evenes». Store norske leksikon. Henta 14. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.