Askeladden - I Dovregubbens hall

norsk eventyrfilm frå 2017

Askeladden i Dovregubbens hall er ein moderne norsk eventyrfilm frå 2017. Filmen er regissert av Mikkel Brænne Sandemose der Vebjørn Enger er i hovudrolla som Oskeladden. Filmmanuset, som er skrive av Aleksander Kirkwood Brown og Espen Enger, er basert på ei rekkje ulike folkeeventyr. Filmen går føre seg i Noreg ein gong for lenge, lenge sidan. Filmen handlar om den fattige bondesonen Espen Askeladden og brørne hans som gjer seg i veg på ei farefull ferd for å redde prinsessa i kongeriket.

Askeladden - I Dovregubbens hall
RegiMikkel Brænne Sandemose Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Synnøve Hørsdal, Åshild Ramborg Sjå dette på Wikidata
ManusAleksander Kirkwood Brown, Espen Enger Sjå dette på Wikidata
MedverkandeVebjørn Enger, Eili Harboe, Mads Sjøgård Pettersen, Elias Holmen Sørensen, Allan Hyde, Thorbjørn Harr, Arthur Berning, Robert Skjærstad, Synnøve Macody Lund, Gard B. Eidsvold, Ida Ursin-Holm, Gisken Armand, Iva Šindelková, Øystein Røger, Kateřina Klausová, Jan Pavel Filipenský, Liv Bernhoft Osa, Rita Jasinská Sjå dette på Wikidata
KlippVidar Flataukan Sjå dette på Wikidata
MusikkGinge Anvik Sjå dette på Wikidata
SjeffotografJohn Christian Rosenlund Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapMaipo Film Sjå dette på Wikidata
DistributørTrustNordisk Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato29. september 2017 (Noreg)[1][2]
Lengd104 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg, Republikken Irland, Tsjekkia Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangereventyrfilm, fantasyfilm, familiefilm, filmsaga, Fiksjonsfilmar Sjå dette på Wikidata

Handling

endre

Espen Askeladden møter prinsessa etter ho har rømt frå kongeriket sitt, fordi kongen vil tvinge ho til å gifte seg med den danske prinsen Fredrik. Prinsessa drar vidare etter møtet med Oskeladden, og blir deretter tatt av Dovregubben. Oskeladden drar heim til familien sin. Etter at kongen finn ut at prinsessa har rømt, gir han ei befaling til folket at den som finn prinsessa og bringar henne heim, vil få både prinsessa og halve kongeriket. Sjølv drar prins Fredrik ut på tokt for å finne prinsessa.

Faren og brørne etterlet Oskeladden til å passe på garden, mens dei er ute på jakt. Ved eit uhell sett Oskeladden fyr på alt dei eig.[3] For å byggje opp att garden bestemmer brørne seg for å prøve å finne prinsessa, ettersom det er lyst ut ein stor pengepremie. Prinsen finn ut at brørne også leitar etter prinsessa og prøver å øydeleggje for dei. Dei møter på mange hindringar, men kjem seg ut av det ved hjelp av Oskeladdens merkelege påfunn. Brørne blir splitta når Dovregubben tar Pål til fjellet sitt, kor prinsessa også oppheld seg. Oskeladden og Per drar til Dovregubben, og skal til å frigjere prinsessa, Pål og prins Fredrik. Trollet vaknar, og Oskeladden må kjempe mot han. Ved hjelp av ein liten spegel greier Oskeladden å treffe trollet med sola, og Dovregubben blir til stein. Deretter drar dei heim til kongsgarden. Der får Oskeladden ei påskjøning, og kan reise heim for å byggje opp garden sin. Seinare dukkar prinsessa opp på garden, og tar med seg Oskeladden for å leve lykkeleg i alle sine dagar.

Eventyrtrekk

endre

Mange klassiske eventyrtrekk blir tatt i bruk. Tidleg i filmen får vi sjå Oskeladden, familien hans og heimen deira. Men vi får ikkje vite kvar dei er eller når dette er. Det er eit typisk eventyrtrekk. Det ein også ser gå igjen er det magiske talet tre. Det er tre brør, tre jenter som lurar brørne, og Oskeladden finn ting liggjande langs stien tre gonger. I filmen er det mykje magisk og overnaturlig. Oskeladden får eit kart av ei gammal kjerring. Dette kartet kan vise vegen dit du vil, så lenge du spør det pent. Jentene i filmen, som i byrjinga er søte og pene viser seg å vere overnaturlege skapningar, altså huldra. Trollet er også ein overnaturleg skapning og ein typisk karakter i eventyr.

Verdiar

endre

Karakterane i filmen har alle ulike verdiar, til dømes så er verdiane til Espen Oskeladden mot og nysgjerrigheit. Oskeladden var ein draumar. Dette vart sett på som negativt av faren, Per og Pål i byrjinga av filmen, men det viste seg til slutt å vere ein positiv verdi i slutten av filmen ved at det er det som gjer at dei overvinn trollet.

Samstundes som Per, Pål og Espen prøver å redde prinsessa og skaffe tilbake garden som brann ned, så er det også ein annan karakter som prøver på det same, nemleg prins Fredrik. Det vert sagt at prins Fredrik er ein modig prins som har drepe ein bjørn berre med hendene, dette viser seg seinare til å ikkje vere sant. Prins Fredrik er ein pysete prins som trur han er betre enn alle andre og det einaste målet hans er pengar og å herske, og han bryr seg ikkje om kva som skjer med prinsessa etter at han har redda ho.

Prinsessa er ikkje framstilt i denne filmen som ho tradisjonelt er i eventyra. Vanlegvis er prinsessa ein hjelpelaus figur som berre vert redda, men i denne filmen så er det gjort om. Prinsessa har staheit og sjølvstendigheit. Ho vil helst ta ting i eigne hender og vil velje kven ho skal gifte seg med sjølv. Dette viser at denne filmen er eit moderne eventyr og ikkje eit tradisjonelt eventyr.

Motivlån

endre

Filmen har lånt ei rekkje motiv som vi kjenner att frå andre eventyr og eventyrillustrasjonar. Dovregubbens hall er eit motiv frå Henrik Ibsen sitt drama Peer Gynt. Edvard Grieg sitt kjende musikkstykke med same namn blir også brukt i ei av dei mest kritiske scenene i filmen. Ein kan også sjå at filmskaparane har latt seg inspirere av Theodor Kittelsen sine illustrasjoner til Asbjørnsen og Moe si eventyrsamling.[4] Til dømes er bildet av Soria Moria Slott (1843) og Nøkken (1892) nærmast identisk overført til ulike scener i filmen. Fleire av scenene kan også minne om scener frå filmatiseringa av Ringdrotten, mellom anna er scenene inne i Dovrefjellet påfallande like scenene frå Moria i Ringens brorskap. Ein kan sjå at fleire Oskeladden-eventyr går igjen i filmen. Gullepla i filmen er lånt frå «Jomfruen på glassberget» frå Asbjørnsen og Moe. Scena der Oskeladden ropar «jeg fant, jeg fant» kan ein kjenne att frå eventyret «Prinsessen som ingen kunne målbinde». Huldra er også ein kjend karakter frå gamle segner og eventyr, som ein møter fleire stader i filmen.

Rolleliste

endre
Skuespiller Rolle
Vebjørn Enger Espen Askeladd
Eili Harboe Prinsesse Kristin
Mads Sjøgård Pettersen Per
Elias Holmen Sørensen Pål
Allan Hyde Prins Fredrik
Gisken Armand Stubbekjerringa
Gard B. Eidsvold Kong Erik
Synnøve Macody Lund Dronning Victoria
Thorbjørn Harr Far til Askeladden
Ida Ursin-Holm Huldra
Rune Hagerup Budbringeren
Arthur Berning Gunnar
Robert Skjærstad Christian
Nasrin Khusrawi Servitrise
Antonio de la Cruz Vesle-Jan

Mottakning

endre

Filmen hadde premiere den 29. september 2017. Etter ein månads speletid hadde filmen hatt 320.000 besøkande på kino. I media fekk filmen ei litt blanda mottaking. Fleire var inne på at landskapsbilda og fotografia var eineståande. Dagsavisen melde at «gode skuespillerprestasjoner og dels pustfrarøvende landskapsbilder gir størst valuta for inngangsbilletten». VG gav filmen terningkast 3 og skreiv: «Det er neppe en film som vil overleve i tiår som en norsk klassiker».[3] Dei skreiv også at «Bildene av norsk natur er på høyde med det gode fra utlandet, og historien er i utgangspunktet så fullstappet av antatt 'norske verdier'». Men filmen blei vanskeleg å engasjera seg i grunna at «skuespillerinnsatsene er 'sådär', som svensken sier». Dei meinte òg at Dovregubben ikkje var overtydande, at CGI-ein burde vore betre og at Dovregubben verka mindre enn «Stubbekjerringa». VG avslutta med å seie at filmen nok ville treffa kjernepublikummet med brukbar kraft denne hausten. NRK P3 gav også filmen terningkast 3.[4] Dei grunna det med at «dårlig manus ødelegger for den store eventyrfølelsen». Dagbladet hadde mykje negativt å seie om filmen. «Den norske storfilmen skuffer: Dovregubbens hall føles som lobbyen på Hotel Cæsar» skreiv Dagbladet sin kritiker Inger Merete Hobbelstad. Ho gav filmen tergningkast 2.[5] Ho meinte at det var store flokar i manuset der det berre blei pinleg å sjå på. I tillegg brukte dei det at Pål, som er overvektig, vart framstilt som eit matvrak, villig til å ofra livet for ein steikt gåast. Men ifølgje han som spelar hovudrolla, Vebjørn Enger, var filmen ikkje meint for kritikarane, men for massane. Dette uttalte han til VG etter opningshelga.

Kjelder

endre
  1. https://www.nfi.no/kalender/blatt-lerret-september; vitjingsdato: 6. juli 2022.
  2. https://www.nfi.no/film?name=askeladden---i-dovregubbens-hall&id=105; Norsk filminstitutt; vitjingsdato: 6. juli 2022.
  3. 3,0 3,1 Morten Ståle Nilsen (27.09.2017). «Filmanmeldelse «Askeladden – i Dovregubbens hall»: En «hit» – men ikke lenger». VG. 
  4. 4,0 4,1 «Askeladden – I Dovregubbens hall». Filmpolitiet. NRK P3. 27.09.2017. 
  5. Inger Merete Hobbelstad (27. september 2017). «Den norske storfilmen skuffer: Dovregubbens hall føles som lobbyen på Hotel Cæsar». Dagbladet. 

Bakgrunnsstoff

endre