Everyday av Buddy Holly
Everyday Singel av Buddy Holly frå albumet Buddy Holly | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. september 1957[1] | |
Innspelt | 29. mai 1957 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:09 | |
Selskap | Coral[1] | |
Komponist | Buddy Holly | |
Tekstforfattar | Buddy Holly | |
Låtskrivar(ar) | Buddy Holly, Norman Petty | |
---|---|---|
Produsent | Norman Petty, Bob Thiele |
Everyday Singel av John Denver frå albumet Aerie | ||
B-side |
«City of New Orleans» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1972 | |
Sjanger | pop | |
Selskap | RCA Records | |
Komponist | Buddy Holly | |
Tekstforfattar | Buddy Holly | |
Låtskrivar(ar) | Buddy Holly, Norman Petty | |
Produsent | Milton Okun | |
John Denver-kronologi | ||
«Friends With You» (1971) |
Everyday | «Goodbye Again» (1972)
|
«Everyday» er ein song skriven av Buddy Holly og Norman Petty, spelt inn av Buddy Holly and The Crickets den 29. mai 1957, og gjeven ut den 20. september 1957, som B-sida til «Peggy Sue». På den originale singelen er ikkje The Crickets nemnt, men det er kjend at Holly spelar akutisk gitar; trommeslagaren Jerry Allison slår på knea sine for perkusjon; Joe B. Mauldin spelar kontrabass;[2] og kona til produsenten Norman Petty, Vi Petty spelar celesta (eit tangentinstrument med ein klokkespel-liknande tone). Songen er berre så vidt over to minuttar lang. Han er rangert på 238. plassen på lista til Rolling Stone over ei 500 beste songane gjennom tidene.[3]
Andre versjonar
endreI 1960 gav Bobby Vee ut ein versjon som B-sida av hitten «Rubber Ball».
John Denver spelte inn songen i 1971 for albumet Aerie og gav han ut på singel. Singelen nådde 81. plassen på poplista i USA og 21. plassen på Adult Contemporary-lista i 1972.[4]
Don McLean spelte inn songen i 1973 for albumet Playin' Favorites og gav han ut på singel. Denne nådde 38. plassen på singellista i Storbritannia.
Det engelske tenåringsidolet Nikki Richards spelte inn songen som B-sida til den første singelen sin i 1978.
Ein versjon av James Taylor kom ut i 1985. Denne klatra heilt til tredjeplassen på Billboard si Adult Contemporary-lista i USA og til topps på tilsvarande liste i Canada. Han nådde òg 61. palssen på poplista og 26. plassen på countrylista i USA. Songen kom med på albumet That's Why I'm Here frå 1985.
Erasure spelte inn songen i 2002 på albumet Other People's Songs. The Trashmen og indierockbandet Rogue Wave spelte òg inn songen. Rockebandet Pearl Jam spelte songen på ein konsert i Lubbock i Texas, fødestaden til Holly. Han er òg blitt spelt på konsert av Deep Purple. Ein versjon innspelt av hellogoodbye kom ut på EP-en deira Ukulele Recordings i 2008. Phil Ochs brukte ein del av songen som ein del av hans «Buddy Holly Medley», som kom med på albumet hans Gunfight at Carnegie Hall i 1974.
Elliott Murphy spelte inn songen for ei fransk hyllestplate, Every Day Is a Holly Day, i 1989.
I 1990 spelte den britiske gitaristen Peter White inn albumet Reveillez-Vous.[5][6]
Fiona Apple spelte inn in versjon for hyllestalbumet til Buddy Holly, Rave On Buddy Holly i 2011.
Patrick Stump spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet Listen to Me: Buddy Holly i 2011.
Songen finst òg på den japanske utgåva av Levi Dexter & Gretsch Brothers i 2012 me Levi Dexter.
I film og fjernsyn
endreSongen vart nytta i filmen Stand by Me frå 1986, Big Fish frå 2003, We Need to Talk About Kevin, frå 2004[7] Mr. Nobody frå 2009 og i kunstfilmen Gummo.
Songen vert spelt i byrjinga av den 11. episoden av den fjerde sesongen av Lost («Cabin Fever»), i tillegg til under rulleteksten av den nest siste episoden av Mad Men («The Milk and Honey Route»)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Everyday (Buddy Holly song)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Buddy Holly Discography.
- ↑ Buddy Holly Timeline.
- ↑ «Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. April 7, 2011. Arkivert frå originalen 8. februar 2018. Henta 10. februar 2018.
- ↑ Everyday. Second Hand Songs.
- ↑ «Reveillez-Vous Overview». Allmusic.com.
- ↑ «Rambles:various artists, The Love Project». Rambles.net.
- ↑ http://www.imdb.com/title/tt1242460/soundtrack?ref_=tt_trv_snd
Bakgrunnsstoff
endre239: «I Got a Woman» Ray Charles |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 238 «Everyday» Buddy Holly and The Crickets |
237: «I'll Feel a Whole Lot Better» The Byrds |