Evil Hearted You
Singel av The Yardbirds
frå albumet Having a Rave Up with The Yardbirds
B-side

«Still I'm Sad»

Utgjeve 1. oktober 1965
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 2:24
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Graham Gouldman
Produsent
Britisk The Yardbirds-kronologi 
«Heart Full of Soul»
(1965)
Evil Hearted You «Shapes of Things»
(1966)


«Evil Hearted You» er ein song frå 1965 av den engelske rockegruppa The Yardbirds. Han vart skriven av Graham Gouldman, som òg skreiv dei to førre singlane til gruppa, «For Your Love» og «Heart Full of Soul».[1] Musikkritikarane Cub Koda skildrar songen som ein «popklassikar i moll» og gitarsoloen til Jeff Beck som «halvt om halvt klassisk og musikken til James Bond».[2][2]

I ei melding for AllMusic kalla Richie Unterberger songen «ein av dei dystraste hitsinglane i heile 60-talsrocken frå Storbritannia» og la til:

« Han inneheld alle triksa til Gouldman på midten av 60-talet: fleire brå tempoendringar, ein uforgløymeleg Midtausten-aktig melodi med mange mollakkordar, ein tekst som på ein ynkeleg måte lid for kjærleiken til ei kvinne og smidig bruk av fleire motsetjande delar.[1] »

The Yardbirds spelte inn songen i Advision Studios i London, den 23. august 1965.[3] Då han kom ut 1. oktober 1965 i Storbritannia vart han ein del av ei dobbel A-side med «Still I'm Sad» på andre sida.[4] Record Retailer-lista tok med begge sider og førte han opp på tredjeplassen.[4] NME si singelliste rapporterte songane kvar for seg med «Evil Hearted You» på 10. plassen og «Still I'm Sad» på niande.[4] Songen kom ikkje ut på singel i USA, men var med på albumet Having a Rave Up,[5] som kom ut 15. november 1965.

Songen vart seinare spelt inn av The Human Beinz[1] og Pixies, som song teksten på spansk. Versjonen deira finst som B-sida til «Planet of Sound» (1991) og på albumet Complete 'B' Sides (2001).

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Unterberger, Richie. «Evil Hearted You – Song Review». AllMusic. Henta 31. mars 2018. 
  2. 2,0 2,1 Koda & Russo 2001, s. 33.
  3. Clayson 2002, s. 175.
  4. 4,0 4,1 4,2 Russo 1996, s. 31.
  5. Clayson 2002, s. 196–197.