Having a Rave Up with the Yardbirds
Studioalbum av The Yardbirds
Språk engelsk
Utgjeve 15. november 1965
Innspelt
  • March 1964 (live)
  • April–september 1965 (studio)
Sjanger Rock, bluesrock
Lengd 37:40
Selskap Epic
Produsent Giorgio Gomelsky
Amerikansk The Yardbirds-kronologi 
For Your Love
(1965)
Having a Rave Up with the Yardbirds Over Under Sideways Down
(1966)


Having a Rave Up with the Yardbirds eller berre Having a Rave Up, er det andre amerikanske albumet til den engelske rockegruppa The Yardbirds. Det kom ut i november 1965, åtte månader etter Jeff Beck erstatta Eric Clapton på gitar. Det inneheld songar med begge gitaristane og syner bluesrockrøtene og dei tidlege eksperimenta med psykedelisk rock og hardrock. Tittelen syner til det drivande «rave up»-arrangementet bandet brukte på fleire songar.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]

Albumet inneheld nokre av dei tidlegaste konsertopptaka med Clapton. Desse vart spelte inn i mars 1964 og kom ut på det britiske debutalbumet deira, Five Live Yardbirds, som ikkje kom ut i USA. Songane med Beck vart spelte inn i studio i månadane etter han kom med i bandet i mars 1965. Desse omfattar fleire hitsinglar og introduserte «The Train Kept A-Rollin'», eit av dei mest kopierte Yardbirds-arrangementa. Sjølv om dei fleste songane ikkje var skrivne av gruppa, vart dei mykje spelte av gruppa på konsertane deira fram til etter Jimmy Page erstatta Beck.

I tillegg til Greatest Hits-plata deira frå 1967, er Having a Rave Up det albumet deira som nådde høgast på den amerikanke albumlista. I nyare tid har albumet ofte blitt gjeve ut med bonusspor, som den neste singelen «Shapes of Things», demoinnspelinga for det neste albumet deira, og «Stroll On», med sologitar av både Beck og Page. Fleire musikkskribentar har lagt vekk på kor innverknadsrikt albumet var, særleg hardrockgitaren. Magasinet Rolling Stone kalla det «brua mellom beatgrupper og psykedelia».[2]

Innhald endre

Side 1 (studioopptak frå 1965 med Beck)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«You're a Better Man Than I»Mike Hugg3:17
2.«Evil Hearted You»Graham Gouldman2:24
3.«I'm a Man»Ellas McDaniel (Bo Diddley)2:37
4.«Still I'm Sad»Paul Samwell-Smith, Jim McCarty2:57
5.«Heart Full of Soul»Gouldman2:28
6.«The Train Kept A-Rollin'»Tiny Bradshaw, Lois Mann, and Howard Kay3:26
Side 2 (konsertopptak frå 1964 med Clapton)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Smokestack Lightning»Chester Burnett (Howlin' Wolf)5:35
2.«Respectable»O'Kelly Isley, Ronald Isley, Rudolph Isley5:28
3.«I'm a Man»McDaniel4:24
4.«Here 'Tis»McDaniel5:04

Medverkande endre

The Yardbirds

med:

Kjelder endre

  1. Eder, Bruce. Having a Rave UpAllmusic. Henta 31. mars 2018.
  2. «500 Greatest Albums of All Time No. 355 – Having a Rave Up with the Yardbirds». Rolling Stone. 2010. Arkivert frå originalen 20. september 2017. Henta 31. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff endre