Eyjolv Dådaskald
Eyjolv Dådaskald var ein skald som var aktiv tidleg på 1000-talet. Tilnamnet «Dådaskald» kan vere avleitt av at han dikta høgstemt om Eirik Håkonsson Ladejarl sine dådar (dáð tyder 'dåd' eller 'dugeleg gjerning').
Eyjolv Dådaskald | |
Verkeleg namn | norrønt Eyjólfr dáðaskáld |
Statsborgarskap | Island |
Fødd | 10. hundreåret |
Yrke | lyrikar, skald |
Utanom det ein kan lese seg til i diktinga hans, veit ein ingen ting om Eyolv Dådaskald, heller ikkje om han var norsk eller islandsk. Han er rekna som ein av hirdskaldane til Eirik jarl, i den tida då Eirik jarl hadde styringa med Noreg (i åra 1000-1015).
Det einaste diktverket av Eyjolv Dådaskald som ein kjenner til, er 8 vers av «Bandadråpa»,[1][2] som handlar om dei tidlege «dådane» til Eirik jarl; drapet på Skofte Skagesson på Møre, om å bli jarl i ung alder, hans vikingtokt i Austersjøen og åtaket på den russiske byen Staraja Ladoga (Aldeigju). Ein trur at namnet på dråpa er avleitt av bruk av ordet banda i teksten, t.d. i refrenget: Dregr land at mun banda ('Legg under seg land etter gudane si vilje').
Deler av Bandadråpa er sitert i Fagerskinna og i Heimskringla, i Soga om Olav Tryggvasson.
Eyjolv Dådaskald er ført opp i Skaldatal som ein av skaldane hos Eirik jarl.[3]
Referansar
endre- ↑ Bandadrápa Arkivert 2016-01-27 ved Wayback Machine. av Eyjólfr dáðaskáld (Skaldic Project)
- ↑ BANDADRÁPA Arkivert 2016-04-03 ved Wayback Machine. av EYJÓLFR DÁÐASKÁLD (Notendur.is)
- ↑ Skaldatal frå heimskringla.no (Snorre-Edda)
Bakgrunnsstoff
endre- Det norrøne fyrstediktet av Bjarne Fidjestøl (1982)