Staur i geologi
Staur eller rauk i geologi er ei landform som består av ei bratt og ofte vertikal steinsøyle eller fleire steinsøyler i sjøen nær ein kyst. Klippa har oppstått på grunn av erosjon.[1] Staurar oppstår gjennom kystnær geomorfologi, som er ein naturleg prosess. Tid, vind og sjø er dei einaste faktorane som dannar ein staur.[2] Dei oppstår når bølgjene hamrar på eit nes, trengjer inn i sprekker i berget og etter kvart får neset til bryta saman, slik at frittståande staurar, eller til og med små øyar, står att. Staurar kan òg oppstå på stader utan vatn når naturlege bogar fell saman grunna vinderosjon. Staurar er ofte viktige hekkestader for sjøfugl og mange er populære klatremål.
Staurar består ofte av horisontale lag med sedimentære eller vulkanske bergartar, særleg kalkstein.
-
Ball's Pyramid i Australia, den høgaste vulkanske stauren i verda.[3]
-
Døme på ein staur som er i ferd med å dannast ved Yesnaby på Orknøyane
Døme
endre- The Big Flowerpot, Flowerpot Island i Lake Huron i Canada.
- Three Sisters i Eatonville i Nova Scotia.
- Goat Rock i California i USA.
- Sugar Loaf i Mackinac Island i Michigan i USA.
- Haystack Rock i Cannon Beach i Oregon i USA.
- Old Harry Rocks i Dorset i England.
- The Needles i Isle of Wight i England.
- Am Buachaille i Sutherland i Skottland.
- Ball's Pyramid i Lord Howe-øyane i Australia
- Old Man of Hoy på Orknøyane i Skottland.
- The Twelve Apostles i Victoria på Great Ocean Road i Victoria i Australia
- Percé Rock i Percé Quebec i Canada
- Hopewell Rocks i Hopewell Cape New Brunswick i Canada
- Po Pin Chau i High Island i Hong Kong
- Étretat i Seine-Maritime i Frankrike
- Lange Anna på Helgoland
- Stac an Armin i St Kilda i Skottland
- Stac Dhomnuill Chaim i Lewis i Skottland
- Tri Brata og Sail Rock i Russland
- Les Jumeaux i Hendaye i Frankrike.
- Ko Tapu i Phang Nga Bay i Thailand
- Rockall i Atlanterhavet
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stack (geology)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Easterbrook, D.J. Surface Processes and Landforms, s. 442, Prentice Hall, Upper Saddle River, New Jersey, 1999.
- ↑ Sea stacks - britannica.com
- ↑ Geography and Geology Arkivert 2014-09-12 ved Wayback Machine., Lord Howe Island Tourism Association.