Lunsj er eit moderne ord for føremiddagsmat, måltidet mellom frukost og middag. På norsk omfattar lunsj som regel eit varmt måltid, medan ein heller bruker føremiddagsmat om ein nistepakke med brødskiver.

To kvinner et lunsj saman i Hong Kong. (Foto: Jerry Crimson Mann)

Kva tid på døgnet som er lunsjtid avheng av skikk og bruk og når ein står opp. Generelt vil ein likevel ha lunsj rundt klokka tolv om dagen. Hovudpausen i normalarbeidsdagen blir gjerne kalla lunsjpause, eller berre lunsj, men på nokre arbeidsplasar kan enno det tradisjonelle namnet middagspause verte bruka. Lunsjpausen kan vera ein pust i bakken der ein kan slappa av og snakka med kollegaer. Forretningslunsjar kan brukast til å skapa godvilje eller diskutera avtalar på ein uformell måte.

Ordsoge endre

 
Utsalsstader for mat venter som regel mange kundar rundt lunsjtider; her frå Seoul i Sør-Korea.

'Lunch' er eit engelsk ord som opphavleg kunne visa til eit lite mellommåltid kva tid som helst på dagen. På spansk har lånordet 'lunch' denne tydinga. Blant mange engelsktalande er 'lunch' no det same som middag, og har erstatta 'dinner'. 'Lunch' oppstod som forkorting for det engelske 'luncheon' tidleg på 1800-talet. Nokre meiner ordet opphavleg er lånt frå det tyske 'Luncehntach', som er registrert frå 1580 som namn på eit mellommåltid. Andre meiner luncheon kjem frå eit spansk ord som tyder 'tjukk brødskive som er skåren på skrå', det vil seie ein brødblings.

Kvar endre

Tidlegare var det vanleg for arbeidsfolk å gå heim for å eta lunsj medan rikfolk åt på restaurantar eller klubbar. I dag er det få som tek pause frå arbeidet og går heim for dette måltidet. I staden kan dei kjøpa mat i ein café, kafeteria eller restaurant, der ein ofte har særskilde lunsjtilbod. Det er òg mogleg å ta med seg lunsj som kan varmast i mikrobølgeomn, eller få han levert.

Kva endre

Eit lunsjmåltid skal gje krefter til å arbeida vidare, samstundes som det ikkje skal gjera ein for trøytt. Det vil derfor ofte vera noko lettare enn ein seinare middag.

Lunsj frå ulike land endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lunsj